Neste X-BOW® cruiseskip for Aurora Expeditions får namnet ‘Sylvia Earle’

Published


Operatør Aurora Expeditions sitt neste X-BOW-ekspedisjonscruiseskip skal heite 'Sylvia Earle' for å heidre ein anerkjent marinbiolog, oseanograf og oppdagingsreisande. Skipet er eitt av fartøya i skipseigaren, SunStone Ships, sin INFINITY-klasse. Desse vert bygde på CMHI og er designa av Ulstein Design & Solutions AS.

Sylvia Earle er ‘ein dyktig marinbiolog, oseanograf, bevaringsekspert og oppdagingsreisande; den første kvinna som blei sjefsforskar i US National Oceanic and Atmospheric Administration og den første som av Time Magazine vart kåra til ‘Hero for the Planet’ i 1998. Fartøyet heidrar Sylvia sin mangeårige bevaringsinnsats for beskytta havområde og havdyr,' fortel cruiseoperatøren.

‘Sylvia Earle’ er designa av Ulstein Design & Solutions AS og er eitt av fartøya i SunStone Ships sin ’INFINITY'-klasse. Den første leveransen i denne serien, ‘Greg Mortimer’, vert også drifta av Aurora Expeditions. Skrogforma ULSTEIN X-BOW® har blitt brukt på offshorefartøy i meir enn eitt tiår, og på meir enn hundre skip, men ‘Greg Mortimer’ var det første i cruisebransjen. Skipsdåpen og jomfruturen i oktober 2019 vakte difor stor merksemd over heile verda.

Om ‘Sylvia Earle’ og X-BOW®

I følgje Aurora Expeditions, vil ‘passasjerskipet for 126 personar vere det andre i flåten som siglar med den patenterte X-BOW®. Den ‘omvendte’ baugdesignen, i kombinasjon med dynamiske stabilisatorar, gir eineståande stabilitet og komfort ved havkryssingar. X-BOW® skjer gjennom bølgene, minimerer vibrasjonar og forstyrringar, og overfarta i bølger går raskare. Dette bidreg til å redusere drivstofforbruket vesentleg.

I tillegg til å forbetre komforten til sjøs, fører X-BOW® til ei forbetra sjåaroppleving ved at passasjerane kjem mykje nærmare det kringliggande miljøet enn ein kan oppnå på skip med tradisjonell bulb. Baugen på ‘Sylvia Earle’ vil vere utstyrt med ein unik glasatrium-salong over to plan, som gir fantastisk utsikt framover. I polare strøk inneber dette at passasjerar vil kunne gle seg over dei majestetiske isfjella i det dei dukkar opp i horisonten.’

Ulstein har levert skipsdesign, utstyrspakkar og byggeoppfølging. Skipa blir bygde ved CMHI-verftet, Kina, og ‘Sylvia Earle’ er planlagt levert i 2021.

‘Som ein del av vår haldning til forsvarleg reising, kjem vi til å halde fram med å kalle opp dei nye skipa etter oppdagingsreisande som brenn for sitt miljøengasjement. I tråd med Sylvia sin visjon og prestasjonar, vil ‘Sylvia Earle’ ha eit stort fokus på marin utdanning og bevaring. Aurora Expeditions sine skip er utrusta med nokre av dei minst forureinande motorane i verda, som ein kombinasjon av lavt energiforbruk, høg drivstoffeffektivitet og ein straumlinjeforma design. Den moderne Tier 3-motoren gir 80% reduksjon i utslepp samanlikna med dei eldre Tier 1-motorane og kan bruke virtuell forankring for å halde posisjon i staden for å sleppe anker på den sårbare havbotnen. Avsaltingsanlegg om bord konverterer sjøvatn til ferskvatn som kan drikkast. Skipa fører derfor med mindre ferskvatn noko som reduserer drivstofforbruket ytterlegare’, seier operatøren.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com