‘Greg Mortimer’ – ein snakkis i cruisemiljøet

Published


På kort tid har cruiseskipet ‘Greg Mortimer’ blitt ein snakkis i cruisemiljøet. Medan den omvende baugen, X-BOW®, er godt kjend i offshoremarknaden, er det første gong denne vert tatt i bruk på eit cruiseskip.

Den ‘annleise’ båten med dei gode sjøeigenskapane blir omtalt i cruisemedia over heile verda. Dette gir også kjærkomen merksemd til den norske maritime klynga, som er med på ferda. For dei norske maritime bedriftene er det viktig å kome inn på nye marknader etter at offshore olje- og gassmarknaden fall heilt bort for få år sidan. Mange av bedriftene har difor dreia fokus til passasjer- og cruiseområdet.

Sjølv om ‘Greg Mortimer’ har vorte bygd i Kina, gir det stor verdiskaping for dei norske bedriftene å vere med i eit slikt prosjekt. Av desse er Ulstein Design & Solutions i Ulsteinvik, som står for designet og utstyrspakken, Blue Ctrl i Ålesund som leverer automasjonssystem, og Brunvoll i Volda som leverer gir og thruster, propellar og akslingar. Andre leverandørar er Jets på Hareid, Ulmatec Pyro i Søvika, Aukra Maritime på Aukra, Aeron i Flekkefjord – for å nemne nokre.

Godt rusta for tøffe overfartar
‘Greg Mortimer’ er godt rusta for turen til Antarktis. Den berykta Drake-passasjen kan by på ulike bølgjeforhold og sjø frå fleire sider samtidig, og vindforholda kan brått ta ei uventa vending. X-BOW® gir mjuke rørsler i møtande sjø og reduserer slag og påfølgjande vibrasjonar. Skipet er også utstyrt med stabilisatorfinnar for å takle sjøen som kjem sidevegs. Dette gjer overfarta mykje betre for dei som er om bord.

X-BOW i full driv på veg til Antarktis, foto: Aurora Expeditions.
X-BOW i full driv på veg til Antarktis, foto: Aurora Expeditions.

CNN, The Telegraph og Daily Mail er blant dei som har hatt svært gode omtalar av ‘Greg Mortimer’ og X-BOW-designet:

CNN Travel: https://edition.cnn.com/travel/article/x-bow-cruise-ship-no-seasickness
The Telegraph: https://www.telegraph.co.uk/travel/cruises/articles/everything-we-know-about-aurora-expeditions-greg-mortimer/
Daily Mail: https://www.dailymail.co.uk/travel/travel_news/article-7605059/Aurora-Expeditions-Greg-Mortimer-ship-X-bow-launch-soon.html

Felles for desse artiklane er at dei stiller spørsmål ved om det no har kome eit cruiseskipsdesign som løyser problemet med sjøsjuke. Svaret er enkelt: Sjøsjuke er eit biologisk fenomen, og eit skipsdesign kan ikkje forhindre dette. Derimot er det fleire som no gir uttrykk for at dei har det betre om bord på dette cruiseskipet.

Greg Mortimer ved iskanten, foto: Aurora Expeditions.
Greg Mortimer ved iskanten, foto: Aurora Expeditions.

X-BOW-løysinga er til no tatt i bruk på langt fleire enn 100 skip. ‘Greg Mortimer’ som vert drifta av australske Aurora Expeditions, er det første cruiseskipet. Skipet er eigd av SunStone Ships som har fleire skip av same designet under bygging i Kina. To cruiseskip med X-BOW er også under bygging ved Ulstein Verft for Lindblad Expeditions, det første med levering i 2020.


Last ned cruisebrosjyre

Fyll ut skjemaet og få brosjyra no

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com