‘I høg sjø venta eg på slaga i baugen – dei kom aldri’

Published


Det første cruiseskipet med X-BOW®, Greg Mortimer, har reist på sin første ekspedisjon til Antarktis, og kryssa den berykta Drakepassasjen tidleg i november. X-BOW® reduserer slaga i møtande sjø. Det fekk kapteinen prøve ut allereie på overfarta frå Kina til Argentina, då skipet gjekk inn i ti meter høge bølgjer.

Heilt frå starten er skipet ein ekte globetrottar, då det har vorte utvikla på fire kontinent: Reiarlaget SunStone Ships er basert i USA, reiseoperatøren Aurora Expeditions er frå Australia, skipsdesignaren er norsk, og skipsverftet er kinesisk. No skal skipet utforske Det kvite kontinentet.

‘Greg Mortimer’ sin karakteristiske skroglinjedesign, X-BOW®, forbetrar komforten om bord i møtande sjø ved at den reduserer slag og påfølgjande vibrasjonar. Fartøyet kan dermed halde oppe farta sjølv i dårleg vêr for å kome seg raskt gjennom dei tøffaste havstrekningane, mellom anna Drakepassasjen.

Frå 'Greg Mortimer' si første kryssing av Drake Passage.
Frå 'Greg Mortimer' si første kryssing av Drake Passage.


‘I høg sjø venta eg på slaga i baugen – dei kom aldri’

Allereie på sin første tur frå byggeverftet CMHI i Kina kom fartøyet inn i veldig dårleg vêr etter Cape Town på veg mot Ushuaia i Argentina. I følge kapteinen var bølgene 8-10 meter, med nokre bølger som nådde over dekk 5, og med veldig sterk vind. Fartøyet kunne framleis halde høg fart på 12-13 knop, med berre éin knop fartstap.

- Det er ei heilt anna oppleving! I høg sjø venta eg på slaga i baugen, men dei kom aldri. Du merkar ikkje sjøen, så du må lære deg på nytt å forstå korleis fartøyet oppfører seg. Andre skip kan berre halde halve farta, seier kaptein Ulf-Peter Lindstrøm. Han har 40 års maritim erfaring, dei 20 siste som kaptein.

X-BOW® vart lansert av Ulstein i 2005 og på verdsbasis er det over 100 skip som har denne baugforma. Desse er for det meste offshorefartøy, ettersom Ulstein gjennom fleire tiår var spesialisert innan dette segmentet før selskapet tok til å designe havvindskip, bil-/passasjerferjer og ekspedisjonscruiseskip.

- Det å vere ein offshore-spesialist betyr at fartøya vi designar må vere robuste og kunne handtere veldig røft vêr i verdas mest ugjestmilde havområde. Med det same Ulstein vendte seg til cruiseindustrien, såg cruisereiarane potensialet. ‘Greg Mortimer’ er det første cruiseskipet med X-BOW®, men det er no fleire andre under bygging i Kina og Noreg, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef og COO for Design & Solutions i Ulstein Group.


Last ned cruise produktbrosjyre (ENG)

Fyll ut skjema og last ned no

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com