Måtte få Poseidon klar til Khrustsjov

Published

Poseidon var det første passasjerskipet til Stena Line, levert i 1964. Det var ei stor oppgåve for Ulstein mek. Verksted. Det første planlagde oppdraget til skipet var å frakte Sovjetunionen sin statsminister Nikita Khrustsjov med familie på eit skjergardscruise mellom Uddevalla og Göteborg.

Det var ein økonomisk dårleg kontrakt for UMV, men sett på som så viktig at ei teikning av båten vart rissa inn ved sidan av bedriftslogoen på glasdøra inn til verftsadministrasjonen. Dåpsseremonien var ei storhending med stort publikumsframmøte.

Første bonus
Det var meininga at skipet skulle vere cruiseskip for Krutsjov medan han var på Sverigebesøk. Dersom verftsarbeidarane greidde å få båten ferdig i tide, skulle dei få bonus. Det greidde dei, og bonusen var på mellom 300 og 500 kroner, noko som tilsvarar mellom 3200 og 5300 i dag. Alle teikningane til innreiingsskotta var teikna på smørpapir, og dette var originalane som arbeidarane måtte bygge etter.

Sjølv om båten vart ferdig i tide, vart statsministeren sitt cruise i den svenske skjergarden avlyst.

Passasjerskip
Ulstein Verft si første erfaring med passasjerskip, var ombygginga av «MRF si gamle gode ferje ‘Romsdal’ i 1963, som blei seld til USA og ombygd til luksuscruisar. Skipet trafikkerte mellom Miami i Florida og Grand Bahama på Bahamas. Lugarar vart fjerna, lasteromet vart salongar og ein fekk til og med plass til fleire barar i den ærverdige Åndalsnes-fararen.» (tekst frå artikkel i Sunnmøre Arbeideravis, august 1967).

Seinare passasjer- og roro-fartøy frå Ulstein Verft inkluderer dei to Fred. Olsen-båtane ‘Bonanza’ og ‘Buenavista’, bygde i 1971-72.