Yno 63 - Buenavista

B.nr. 63 - Byggeår 1971. Rederi: K.D.S., Kristiansand (Fred Olsen). Bygd ved Ulstein Mek. Verksted A/S


  • Lengde: 95,00 m
  • Bredde: 16,20 m
  • Brutto tonnasje: 2718 tonn
  • Dødvekt: 2400 tonn
  • Fart: 19 knop
  • Hovedmotorar: Werkspoor, 2 stk. 4400 Hk
  • Skipstype: Passasjerbåt/Bil-og Jernbaneferge/ "Passenger and ro-ro ferry"
  • Antal passasjerar: 750 stk.
  • Andre skipsnamn: "Bismillah", "El Arcangel"


HISTORIE:
Sommarhalvåret rute Kristiansand - Hirtshals Vinterhalvåret: innreiing vart teke ut og kjøleskip i rute "Kanariøyane - Europa".
1974 Forlenga ved Akers Mek. Midtseksjonen bygd ved Sandefjord Mek. Ny lengd 106,7 m, 3180 tonn dw., 900 passasjerar.
1982 Chartret av Vikinglinjen og segla mellom Åland og Stockholm.
1984 Utflagga til Marokko og skifta namn til "Bismillah", framleis eigd av Fred Olsen saman med marokkanske eigarar. Segler om sommaren i Gibraltarstredet mellom Tanger og Malaga. Det er då turistsesong og hundre tusen marokkanske framandarbeidarar skal til og frå Marokko og europeiske land. Om vinteren seglar den som kjøleskip med frukt frå Marokko til Nord-Europa. Skipet har norsk kaptein, engelske offiserer og marokkansk mannskap.
2002 Den seglar framleis som nemnt ovanfor.
2016: Status opphugget - IMO 7104984