Hod bygg-nummer 1H

Published


Hod var den første båten som vart bygd frå grunnen av i Ulstein kommune, og ein kan såleis seie at dette var eit pionerarbeid når det gjeld skipsbygging i vårt distrikt. Skipet vart bygd ved Hatlø Verksted i 1937.

Fiskebåten Hod var byggnummer 1 på Hatlø Verksted, og vart bygd i 1937 for Petter Volle, Hans Haddal og Sverre Løseth. Med ei lengd på 19,8 meter, breidd på 5,0 meter og dødvekt på 41,86 tonn, kunne båten halde ei fart på 8,7 knop. Hovudmotor var av merket ”Union” med ein effekt på 60 Hk.

Hod var den første båten som vart bygd frå grunnen av i Ulstein kommune, og ein kan såleis seie at dette var eit pionerarbeid når det gjeld skipsbygging i vårt distrikt.

Båten var konstruert av Leif Hatlø som då var driftsstyrar på Hatlø Verksted, og har ei interessant krigshistorie. Båten vart teken av ei gruppe som var på røming frå tyskarane og stakk ut frå Ulsteinvik med kurs for England kvelden 25. august 1941. Sidan har ingen sett han, truleg vart han bomba i senk av tyske patruljefly som gjekk langs kysten om lag 60 kvartmil av land. Av gruppa på om lag 20 personar vart berre liket av den eine av dei, ei kvinne, funne drivande i sjøen ved Løvsøya. Også Hod sitt registreringsnummer og nokre vrakrestar vart seinare funne, utan at dette kunne gi svar på kva som hadde hendt.