Mannlege gudmødrer

Published

Tradisjonelt vert alle båtar døypt i ein dåpsseremoni, og tradisjonelt vert dette gjort av ei kvinne, som vert gudmor til skipet. Av Ulstein sine meir enn 300 bygde båtar har vi to gongar fått oppleve ei mannleg 'gudmor'. Den eine gongen skuldast det rein uflaks.

Byggnummer 11 - Torulf

Første gong vi fekk ei mannleg gudmor var i 1957.
Ulstein mek. Verksted hadde ferdigstilt bilferja 'Torulf', som skulle trafikkere strekninga Torvik-Ulsteinvik. Sjølv om ferja er byggenummer 11, markerer ho starten på den sjølvstendige skipsbygginga ved Ulstein, då dei tidlegare bygga var reparasjonar og ombyggingar. 'Torulf' viste at verkstaden makta ein fullstendig byggeprosess frå teiknebrett til sjøsetting. Skipet var også ei nyvinning ved å vere det første stålfartøyet som vart bygd ved verkstaden. 'Torulf' er også den første ferja i Noreg med motoranlegg med kilereimsdrift. Ho vart utgangspunktet for ein heil serie av liknande ferjer bygd på Ulstein mek.

Under dåpen av 'Torulf' hadde arbeidaren Leif Breivik akkurat brent av det siste jernstaget som heldt ferja fast. Ferja byrje å sige i det gudmora kasta sjampanjeflaska. Men snora slitna, og flaska gjekk i slippen utan å bli knust. Leif kneip tak i struten og kylte flaska etter ferja, dermed vart Leif den eigentlege gudmora for 'Torulf'. Filmen nedanfor, filma av Sverre Kristensen, viser glimt frå dåpen av ferja. Dåpsgjestane reiste på dåpstur til Øye i Norangsfjorden.


Byggnummer 268 - Tulpar

Tulpar er ein kombinert isbrytar, forsyningsfartøy og standby-fartøy for svært grunne farvatn. Skipet har ein djupgang på berre 2,5 meter og kan ta ei dekkslast på 500 tonn.

Skipet vart bygd på ti månader. Det var veldig viktig at 'Tulpar' vart levert 16. september 2002 og ikkje éin dag seinare. Skipet var nøydd til å starte på reisa si frå nordvestkysten av Noreg til det Kaspiske Hav via elvar og kanalar frå St. Petersburg før elvane tok til å fryse. Skipet vart levert to dagar før planen, den 14. september 2002.

Ved at skipet er 21 m breitt, var det eit potensielt problem med å transportere skipet til det Kaspiske Hav, fordi kanalane berre er 16 meter breie. Løysinga var å montere på sideseksjonane og bruvingane etter at skipet kom fram til Astrakhan.

Stig Slettebakk frå Ulstein Verft og fem andre kollegaer var med for å følgje sluttarbeidet på skipet. Stig vart då spurt om å vere gudmor. Han vegra seg sterkt, men den russiske prosjektleiaren, Mr Ingatov, ynskte at den norske vikingen skulle ta jobben. På det øvste biletet førebur Stig seg til dåpen saman med Ingatov. Dei andre er den russiske QA-sjefen og hans assistent, og Roy Lindseth frå Ulstein Verft.