Leverer kraft- og kontrollsystem til Olympic sine CSOV-skip
Ulstein Power & Control AS har fått kontrakt på å integrere avanserte kraft- og kontrollsystem i to ULSTEIN SX222 konstruksjonsstøttefartøy for Olympic.
Ulstein Power & Control har fått ein viktig kontrakt som systemintegrator og leverandør av avanserte hybridkraft- og kontrollsystem for Olympic sine konstruksjonsstøttefartøy av designtypen ULSTEIN SX222. I denne løysinga vert eit stort batterisystem kombinert med generatorar for variabel turtal slik at kraftproduksjonen, saman med framdriftsystem og kraftfordelinga, kan bli optimal. Kraftsystemet er òg utstyrt med landstraumtilkopling for lading og utsleppsfri hamnedrift.
Maritime automasjons- og kraftsystem
Det totale systemet blir overvaka og styrt av ULSTEIN IAS (Integrated Automation System), ULSTEIN PMS (Power Management System) og ULSTEIN EMS (Energy Management System), som alle baserer seg på den etablerte X-CONNECT-plattforma frå Blue Ctrl.
Olympic Shipping kontraherte i juli to skipsbyggingskontraktar ved Ulstein Verft, med to opsjonar.
- Olympic har utfordra oss på løysingane, og det tette samarbeidet mellom Ulstein og reiarlaget er ein av suksessfaktorane i dette prosjektet. Saman med det innovative ULSTEIN TWIN X-STERN®-designet og kraft- og kontrollsystema våre vert dette toppmoderne fartøy, seier Rolf Ottar Rovde, salssjef i Ulstein Power & Control.
– Elektrifisering og grøne løysingar blir viktigare og viktigare, og vi er stolte av å vere ein viktig aktør som kan levere slike kraft- og kontrollsystem.
Smartare, sikrare og grønare
Teknisk direktør i Olympic, Marius Bergseth utalar følgande:
– Vi har gjennom tett dialog og godt samarbeidd med Ulstein utvikla eit konsept som skal gi fartøya ein smartare og grønare driftsprofil, samanlikna med tidlegare generasjonar av slike fartøy.
– Vi har stor tiltru til at Ulstein leverer produkt og system av høg kvalitet til rett tid, som vil sørge for maksimal operasjonell utnytting samtidig som miljøavtrykket blir minimert. I samsvar med Olympic sine miljøvisjonar om stadig smartare, sikrare og grønare skip, ser vi fram til levering av neste generasjons CSOV-ar med industrileiande teknologi, levert av Ulstein.
Ulstein Power™ er ein samansett pakke av byggeklossar for kraftsystem og automasjon. Kvar av dei er grundig evaluerte, utvalde og integrerte i eitt komplett system for å sikre optimaliserte og energieffektive løysingar som passar for eit breitt spekter av fartøy.
Please contact us for more information