Eit siste gjensyn
Published
20 år etter at det Ulstein-designa skipet Olympic Pegasus forlét Ulstein Verft, la ho igjen til ved kai. Og truleg for aller siste gang.
Olympic Pegasus vart bygd ved Ulstein Verft og levert i 2002. No, 20 år seinare, har tungløftsavdelinga ved Ulstein gjort ein siste jobb på fartøyet før det skal fraktast til nye eigarar i Kina.
Jobben med å få plass den 173 tonn tunge A-ramma gjekk knirkefritt. Med nærast kirurgisk presisjon blei A-ramma løfta om bord, og plassert på bolthola med diameter på storleik med ein golfball. Det er truleg siste gang det Ulstein-designa A101-skipet ligg til kai ved Ulstein.
Laurdag 8. januar assisterte avdelinga då skipet blei flytta bort til det nedsenkbare tunglastfartøyet Tai An Kou som tok Olympic Pegasus som dekkslast. No skal båten bli frakta til Kina for å gjere tjeneste der.
Leiar for tungløftsavdelinga, Jostein Sørnes, takkar Olympic Shipping for oppdraget med å få på plass A-ramma.
Sjå korleis vi kan hjelpe deg
Les meir om kranløft, transport og prosjekteringPlease contact us for more information