Sjøsette bygg 147 på Salthammer

Published


Måndag 20. september hadde Ulstein Verft si tungløftsavdeling eit nytt oppdrag ved Salthammer Båtbyggeri på Remmem i Vestnes. Der vart bygg 147, ein arbeidsbåt for Nærøysund Aquaservice i Trøndelag, sjøsett i samløft med mobilkrana på lekteren og verftet si hallkran.

Aqua Fighter er ein arbeidsbåt for Nærøysund Aquaservice.
Aqua Fighter er ein arbeidsbåt for Nærøysund Aquaservice.

Ulstein brukte Flex-lekteren til å frakte mobilkrana, sistnemnde av typen Demag CC2800-1, til Salthammer. Krana har kapasitet til å løfte 400 tonn når ho står på lekteren, og 600 tonn når ho står på land. Sjå film:


Bygg 147 frå Salthammer Båtbyggeri er ein katamaran som måler 15 x 12 meter av designet CoastCatW15. Dette vert det første stålfartøyet blant servicebåtane til Nærøysund Aquaservice, i følge pressemeldinga frå partane då skipsbyggingskontrakten vart signert.

Tungløftsavdelinga opererer langs heile norskekysten. I tillegg til lekter og kran, har vi også to multiwheelers av typen Goldhofer SPMT (self-propelled modular transporter) for forflytting av tyngre kolli.

Please contact us for more information

DSC4731 comp bw
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com