ABC News rapporterte frå første Antarktis-cruise med 'Endurance'
Published
I perioden 10.-18. november 2021 sendte ABC News direkte frå ekspedisjonscruiseskipet ‘National Geographic Endurance’ sitt første cruise til Antarktis. Skipet er det første av to cruiseskip for Lindblad Expeditions, og er søsterskip til 'National Geographic Resolution'. Begge skipa er designa og bygd av Ulstein.
ABC News gjer no ei vesentleg satsing på dekkinga av klimaendringar
som ei oppfølging av FN sin klimakonferanse i Glasgow. I heile november månad vil mediekanalen vise ein serie med tittelen ‘Climate Crisis: Saving Tomorrow’ som spenner over sju kontinent. Serien skal undersøke årsak og risiko knytt til klimaendringar, og kva steg som må takast for å avgrense ytterlegare skade.
Sjå Lindblad Expeditions si pressemelding.
FØRSTE NYHEITSSENDING 10. NOVEMBER:
'Good Morning America' heads through Drake Passage on way to Antarctica
- Klimaendringane er det største problemet mennesket har skapt
Sven Lindblad, grunnleggaren av Lindblad Expeditions, er sjølvsagt med på turen. Gjennom reisene har Sven sett korleis naturen vert påverka av havforureining, og han er ein engasjert aktør i arbeidet for å ta vare på store havområde. Då Ulstein ved eit tidlegare høve intervjua Sven Lindblad, sa han følgjande:
- Det er heilt klart at klimaendringane er det største problemet mennesket nokon gong har skapt. Den einaste måten å kome seg ut av dette rotet som særleg våre born og barneborn vil kome til å møte, er å anerkjenne problemet og sette det i fremste rekke. Når ein tek folk med til polarområda får dei sjå isfjell høgare enn hus, og dei møter forskarar og spesialistar. Det gjer at dei utviklar eit kjenslemessig samband til problemet. Mange menneske med stor innverknad reiser med desse skipa, og eg har sett effektane på fleire ulike vis. Eitt resultat er eit fond som er stifta av National Geographic og Lindblad Expeditions der tidlegare passasjerar har donert 15 millionar dollar for å forbetre tilstanden til verdshava.
Utviklinga av ‘National Geographic Endurance’
Då Lindblad Expeditions først tok kontakt med Ulstein, var det fordi reiarlaget hadde blitt merksame på designløysinga X-BOW®. Denne gir mindre motstand i sjøen og forbrukar dermed mindre drivstoff.
- Gjennom samarbeidet med Lindblad og andre involverte utvikla vi eit fartøy, frå dei første skissene, vidare gjennom engineering og konstruksjon, til eit toppmoderne ekspedisjonscruisefartøy, basert på dei visjonane som skipseigaren hadde, fortel Terje Våge i Ulstein Design & Solutions AS. Han var leiande skipsdesignar i dette prosjektet.
Sjå vårt cruisewebinar om Lindblad-skipa
Våge held fram:
- Miljø og sikkerheit heng saman. Det er mange reglar og forskrifter som gjeld for design og konstruksjon av alle skip. For eit cruisefartøy som skal til polare, aude område, må ein ta med nokre ekstra forhold i utviklinga av skipet. ‘Polar-koden’ og ‘Safe Return to Port’-forskrifta stiller krav til auka sikkerheit for å beskytte fartøyet, alle om bord og miljøet. Det er verdt å nemne at ‘National Geographic Endurance’, som det første passasjerfartøyet, oppfyller isforsterkingsforskrifta ‘Polar Class (5)’. Dette aukar sikkerheita, og sesongen kan bli utvida ved å gå inn i polarområda tidlegare på våren når naturen er på sitt vakraste.
- To separate maskinrom og eit dobbelt framdriftssystem er ein del av den naudsynte auka sikkerheita. I tillegg gjer dei to roterande framdriftseiningane at manøvreringsevna vert forbetra, noko som er spesielt viktig i farvatn der det kan vere is. Og på grunn av potensielle lange reiser, er drivstoff- og proviantkapasiteten stor, noko som gjer at fartøyet er i stand til å operere i om lag 40 dagar utan nye forsyningar.
- ‘Endurance’ er optimalisert for å gi låge miljøavtrykk. Det er dei strengaste marineforskriftene som gjeld i polare område og då vert det sett krav til utsleppa til luft og vatn. Motorane går på Marine Gas Oil med lavt svovelinnhald. Det er ingen drivstofftankar direkte ut mot skipssidene, noko som reduserer risikoen for oljesøl i sjøen ved ei ulukke.
- Fartøyet har eit behandlingssystem for ballastvatnet for å unngå spreiing av biologiske organismar frå eitt område til eit anna, og det er designa for å minimere påverknaden på livet i havet ved å forårsake lave støynivå i sjøen. For å minimere straumforbruket er all belysning basert på LED-teknologi og spillvarmen frå motorkjølevatnet og frå eksosgassen vert gjenvunne og brukte til oppvarmingsformål og ferskvassproduksjon.
- For Ulstein og den norske maritime klynga er ABC si deltaking om bord på ‘Endurance’ av stor verdi. Cruiseskipa som vert utvikla i klynga er langt mindre forureinande enn den eksisterande verdsflåten innan cruise, og miljøvennlege løysingar har vore inne i planleggingsarbeidet på ‘Endurance’ heilt frå starten, avsluttar Våge.
Please contact us for more information
Contacts
Companies
-
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway