Eit første glimt om bord på National Geographic Endurance

Published


Denne månaden skulle ekspedisjonscruiseskipet 'National Geographic Endurance', levert frå Ulstein Verft i mars 2020, ha reist til Arktis på sin første tur, men dette let seg ikkje gjennomføre no. Desse interiørbilda og -filmen gir eit lite innblikk i atmosfæren om bord på Lindblad Expeditions sitt første polare nybygg.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. har tatt eigarskap over National Geographic Endurance, bygd av Ulstein Verft. Reiarlaget sitt første polare nybygg er med dette ferdigstilt, to år etter brennestart. Skipet har god plass til 126 passasjerar, og det er Ulstein Design & Solutions AS som står bak designet. Dei har utvikla ei topp moderne ekspedisjonsplattform for Lindblad der sikkerheit og komfort har vore vektlagt.

Denne filmen gir ein smakebit på korleis det ser ut om bord på National Geographic Endurance.


X-BOW®

Eit grunnleggande designtrekk er Ulstein si X-BOW®-løysing som reiarlaget spesielt etterspurde. X-BOW fører til drivstoffeffektivitet og mjukare rørsler i møtande sjø. X-BOW har så langt vorte utprøvd på meir enn 100 offshoreskip, som arbeider under tøffe forhold.

Samtidig har skipet klassenotasjonen PC5 for polare turar, og er til no det einaste ekspedisjonscruiseskipet med ein slik høg isklasse. Dei utvida tankane for drivstoff og vatn gjer at skipet kan dra på lengre turar til meir fjerntliggande område, medan nullfarts-stabilisatorar gjer at komforten vert best mogleg når skipet stoppar opp for å observere dyreliv eller når ein skal om bord i gummibåtane for utflukter.

Brua

Den store, opne brua har nok rom til alle passasjerane. Her kan gjestane kome når dei vil og sjå korleis skipet vert manøvrert og kvar ein er på veg. Frå brua kan dei gå rett ut på dekk og ta bilete.


Baugområdet på cruiseskip er ofte ein samlingsstad tidleg om morgonen. Det er her ein kan stå og kike etter kvalar, pingvinar og delfinar. På eit skip med ein tradisjonell baug må ein lene seg over skipssida og kike bakover ned mot vasslinja. Med X-BOW vil ein på dette skipet kunne sjå rett ned i sjøen. Og det er ein fantastisk måte å sjå dyrelivet i havet på.

Der er også mange soner i forskipet der passasjerane kan sjå rett ned til vasslinja i fronten og observere korleis skipet pløyer seg gjennom sjøen. Dette inneber at viss det er delfinar der så vil ein sjå kor dei rir på baugbølgja.


Glas er ein viktig del av opplevinga

Skipet har vorte designa for at passasjerane skal vere tett på omgjevnadene, uansett kvar ein er. Lugarane varierer i storleik frå enkeltlugarar på 13 kvadratmeter til dei 40 kvadratmeter store suitene. Dei fleste lugarane har balkongar med skyvedører frå golv til tak som gir spektakulær utsikt og rikeleg med naturleg lys.

Detalj frå ei av suitene.
Detalj frå ei av suitene.


Glas er også ein viktig del av designet rundt fellesområda. Serveringstilbodet femner om ein hovudrestaurant, Restaurant 270º, med fantastisk utsikt der vindauga går frå golvet og opp til taket. Skipet har også eit utandørs grill- og bistroområde.

Baren i salongen, 'the ice lounge', er ein hyggeleg stad for mingling. Salongen har 39 flatskjerms-fjernsyn der det vert vist presentasjonar.

Spa- og treningsområdet inkluderer eit yogstudio, behandlingsrom, saunaer, eit treningsrom og eit avslapningsområde. Yoga-studioet gir fantastisk utsikt akterover, der ein mellom anna kan sjå badestampane, der endeveggane er av glas. Der kan ein site og sjå rett ut på den uendelege horisonten. I glasigloane ved sidan av er brisken dekt med reinsdyrskinn ein kan pakke seg inn i.

I tillegg har skipet fleire observasjonsdekk, og dessutan observasjonsvingar for at passasjerane kan få utsikt frå ein vinkel utanfor skipssida.

Utsikt frå yogastudioet mot velvære-området på akterdekket. Der er det såkalla 'infinity'-badestampar og spesialutvikla glasigloar.
Utsikt frå yogastudioet mot velvære-området på akterdekket. Der er det såkalla 'infinity'-badestampar og spesialutvikla glasigloar.
Utflukter utanfor skipet

Når ein går av skipet, vil der vere fleire moglegheiter til å gjere eigne oppdagingar, også under havoverflata. Skipet har ein miniubåt som kan gå ned til 305 meters djupne.

Det er heile 14 gummibåtar som raskt og effektivt kan sette passasjerane i land på elles utilgjengelege stader. Fartøyet har også eit rikeleg utval utstyr til ulike aktivitetar, mellom anna langrennsski, kajakkar og padlebrett, snorkleutstyr og våtdrakter.

Komfort for passasjerane

Komforten og servicenivået er eineståande, med den høgaste komfortklassen for at passasjerane kan nyte rolege, fredelege dagar om bord.

Ulstein designar og byggjer to ekspedisjonscruiseskip for Lindblad Expeditions, følg prosjekta her: https://ulstein.com/building-of-the-lindblad-vessels

Please contact us for more information

Contacts

Companies