Ulstein leverer sitt andre polarskip til Lindblad

Published


Lindblad Expeditions Holdings, Inc. har den 30. september 2021 overtatt National Geographic Resolution frå Ulstein Verft. Ekspedisjonscruiseskipet er av typen CX104 og det er Ulstein Design & Solutions AS som står bak designet.

‘National Geographic Resolution’ har romsleg med plass til 126 passasjerar, i tillegg til mannskapet. Skipet er no klart til å ta med passasjerar på jomfrutur med oppstart 17. november til Antarktis, Sør-Georgia og Falklandsøyene. Ulstein sine designarar har utvikla ei topp moderne ekspedisjonsplattform for Lindblad der sikkerheit og komfort er vektlagt. Eit grunnleggande designtrekk er X-BOW®-løysinga som reiarlaget spesielt etterspurde, denne er drivstoffeffektiv og betrar komforten om bord i møte med sjøen.

Ein fantastisk måte å sjå dyrelivet i havet på

På eit skip med ein tradisjonell baug må passasjerane lene seg over skipssida og kike bakover ned mot vasslinja. På dette skipet vil dei kunne sjå rett ned i sjøen. Baugområdet er derfor ofte ein samlingsstad tidleg om morgonen. Det er her du kan stå og kike etter kvalar, pingvinar og delfinar. Skipet har også mange soner i forskipet der passasjerane kan sjå rett ned til vasslinja i fronten og observere korleis skipet pløyer seg gjennom sjøen.

Den store, opne brua inviterer til besøk, der kan gjestane kome og sjå korleis skipet vert manøvrert. Frå brua kan dei gå direkte ut på dekket og ta bilete.


Med dette skipet kan Lindblad starte opp polarsesongen tidlegare

Med isklasse PC5 kan skipet gå langt inn i dei polare områda. Skipet har utvida tankar for drivstoff og vatn som gjer at det kan dra på lengre turar til meir fjerntliggande område; medan nullfarts-stabilisatorar gjer at komforten vert best mogleg når skipet stoppar opp for å observere dyreliv eller når ein skal om bord i gummibåtane for utflukter. Skipet er utstyrt med utsleppsreduserande løysingar som tilfredsstiller EPA Tier 4/IMO Tier III utsleppsstandardar.

-Eineståande å levere på tid

- Dette er eit ekstraordinært skip, og eg er stolt over å kunne halde fram veksten i flåten vår med eit nytt polarskip som er det fremste i si klasse. Med National Geographic Resolution og søsterskipet National Geographic Endurance, har vi her fått resultat som kombinerer det ypperste innan ekspedisjonar med utsøkt eleganse, seier Sven Lindblad, grunnleggaren av Lindblad og noverande co-chair i styret. – Det er også eineståande at skipet vart levert på tid i denne vanskelege perioden Det har vore eit fantastisk team med ingeniørar, designarar og mannskap frå Lindblad, Ulstein, Partnership Design og Crist, og frå vår side leia av Nikolaos Doulis, og det samla talentet og engasjementet deira kjem tydeleg fram i alle delar av National Geographic Resolution.

- Vi er svært nøgde med at Ulstein Verft har evna å levere eit polarskip til Lindblad på den kontraktsfesta leveringsdatoen. Det har vore eit godt og tett samarbeid med Lindblad Expeditions, alle våre leverandørar og partnarar i prosjektgjennomføringa av dette flotte, nye polarskipet. Lindblad er ein erfaren og innovativ reiseaktør, og bestemte seg tidleg for også å vere ein pioner med å ta i bruk X-BOW i cruisesegmentet. Vi er takksame for tilliten som Lindblad har vist oss og gler oss til å sjå tilbakemeldingane frå ‘National Geographic Resolution’ sine første turar, seier Cathrine Kristiseter Marti, konsernsjef i Ulstein.


Kjensla av arktisk endeløyse

Skipet har vorte designa for at passasjerane skal vere tett på omgjevnadene, uansett kvar dei er. Lugarane varierer i storleik frå dei 13 kvadratmeter store enkeltlugarane til dei 40 kvadratmeter store suitene. 77 prosent av lugarane har balkong med skyvedører frå golv til tak for å sleppe inn dei spektakulære omgjevnadene og det arktiske lyset.

Glas er også ein viktig del av designet rundt fellesområda.

Hovudrestauranten, Restaurant 270º, har fantastisk utsikt med vindauge som går frå golvet og opp til taket. Der er også eit utandørs grill- og bistroområde om bord.


Velvære

Spa- og treningsområdet inkluderer eit yogarom, behandlingsrom, saunaer, eit treningsrom og eit avslapningsområde. I tillegg har skipet på toppdekket boblebad med glas i endeveggen for å gi uhindra utsikt bakover og to spektakulære glas-iglooar med sete dekte av reinsdyrskinn. Yogastudioet er plassert bak på dekk 8 og har store glas som gir passasjerane moglegheit til å nyte naturen medan dei held på med yoga.


Der er fleire observasjonsdekk og observasjonsvingar for å gi passasjerane fantastisk utsikt, og også frå ein vinkel utanfor skipssida.


Løysingane er utvikla for å gi passasjerane varige minne som dei ikkje kan oppleve på andre skip.

Utflukter utanfor skipet

Når ein går av skipet, vil der vere fleire moglegheiter til å gjere eigne oppdagingar, også under havoverflata. Skipet har ein miniubåt som kan gå ned til 305 meters djupne.

Det er heile 14 gummibåtar om bord som raskt og effektivt kan sette passasjerane i land på elles utilgjengelege stader. Fartøyet har også eit rikeleg utval utstyr til ulike aktivitetar, mellom anna langrennsski, kajakkar og padlebrett, snorkleutstyr og våtdrakter.


Komfort for passasjerane

Designløysinga X-BOW® er tatt i bruk på meir enn 100 offshoreskip, som opererer under røffe tilhøve, og han skjer gjennom bølgene og eliminerer slaga frå sjøen. Komforten og servicenivået er eineståande, med den høgaste komfortklassen for at passasjerane kan nyte rolege, fredelege dagar om bord.

Lindblad Expeditions overtok sitt første polare nybygg frå Ulstein Verft i 2020, ‘National Geographic Endurance’, som skal i gong med Antarktis-sesongen 2021 i november.

Lær meir om Lindblad-skipa:

Sjå cruise-webinaret: Developing and constructing polar vessels


I webinaret møter du representantar frå Ulstein Verft og Ulstein Design & Solutions som deler erfaringane sine frå utviklinga og bygginga av Lindblad sine første polarnybygg, 'National Geographic Endurance' og 'National Geographic Resolution'.

Please contact us for more information

Contacts

Companies