Eitt døgns hektisk løfte- og transportarbeid langs kysten

Published

I løpet av eitt døgn i midten av september 2020 kombinerte tungløftsavdelinga to oppdrag i Romsdal og på Nordmøre. Det eine involverte å sjøsette ein båt, det andre var eit kombinert oppdrag med henting, frakting og montering av ei ferjebru.

Medan tungløftsavdelinga i august/september har vore involverte i løft av dekksutstyr til kabelleggingsskipet Nexans Aurora som er under bygging ved Ulstein Verft, så har avdelinga i andre del av september utført oppdrag langs kysten.

Tysdag 15. september var dei på plass på Salthammer Båtbyggeri AS i Vestnes, der dei sjøsette ein servicebåt til oppdrettsnæringa. Deretter reiste dei innom Nordvest Sveis AS utanfor Molde for å hente ei ferjebru. Denne frakta dei til Kanestraum i Tingvoll der ferjebrua vart montert natt til onsdag 16. september. Grunna pågåande arbeid med piren måtte dei legge seg i motsett bås for bru-monteringa.


Vi løftar deg til nye høgder

Les meir om kranløft, transport og prosjektering

Please contact us for more information

DSC4731 comp bw
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com