Thrusterane installerte

Published


I september 2020 vart dei tre framdriftsthrusterane installerte i kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora' som er under bygging ved Ulstein Verft. Desse er siste tilskot i serien av Brunvoll sine azimuth-framdriftsthrusterar. Kvar av dei er på 3200 kW og har ein diameter på 2900 mm.

Transporten inne i dokkhallen gjekk føre seg på multiwheeler. Ulstein Verft sine to Goldhofer multiwheelerar har ein samla transportkapasitet på 640 tonn. I tillegg til dei tre framdriftsthrusterane som no har vorte installert ved Ulstein Verft, har det tidlegare på skrogverftet blitt installert to baugthrusterar, kvar på 3100kW, og ei opptrekkbar azimuth-eining på 3000kW, alle frå Brunvoll. Propelldiameter på desse er 3000mm.

Transport av store einingar i Ulstein Verft sin dokkhall foregår med bruk av multiwheeler. Foto: Brunvoll/Jørgen Eide.
Transport av store einingar i Ulstein Verft sin dokkhall foregår med bruk av multiwheeler. Foto: Brunvoll/Jørgen Eide.

Parallelle arbeidsoppgåver

Mange arbeidsoppgåver går føre seg samtidig i eit komplekst skipsbyggingsprosjekt som 'Nexans Aurora'. Fotoet nedanfor syner løftet av ein av dei to kabeltrekkmaskinane, såkalla 'tensioners', frå Maats Tech. Desse skal bidra til å trekke eller bremse kabelen. Skipet er også i ferd med å bli malt utvendig.

Hivet av ein av dei to kabeltrekkmaskinane frå Maats Tech. Foto: Daniel Osnes.
Hivet av ein av dei to kabeltrekkmaskinane frå Maats Tech. Foto: Daniel Osnes.

Vi løftar deg til nye høgder

Les meir om kranløft, transport og prosjektering

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com