Høg aktivitet på bygginga av 'Nexans Aurora'
Bygginga av kabelleggingsfartøyet 'Nexans Aurora' er i god gjenge ved Ulstein Verft. I eit komplekst nybyggingsprosjekt vert mange oppgåver utførte samtidig. Den 10. september 2020 vart kabel-kapstanen installert i ei kort pause i den pågåande malingsprosessen.
I løpet av eit tidsrom på nokre få dagar i september 2020 skal kapstanen installerast, malinga pågår, og i tillegg skal thrusterane no monterast.
Med ei lengd på 149,9 meter, breidde på 31 meter og ei dødvekt på 17 000 tonn, er 'Nexans Aurora' eitt av dei største fartøya som har vorte bygd på Ulstein Verft. Med ein stor kabelkapasitet på 10 000 tonn og ei todelt svingskive er fartøyet godt førebudd for komplekse konstruksjonsoppgåver under tøffe vêrforhold. Det første oppdraget vil vere å installere eksportkablane for havvindprosjektet Seagreen. Bygginga av 1075 megawattprosjektet startar i 2021. Seagreen 1 vert Skottlands største vindpark.