Batteri til bygg 315

Published


I samarbeid med reiarlaget Bernhard Schulte har Ulstein Design & Solutions AS designa eit dieselelektrisk framdriftssystem som i kombinasjon med batteri vil redusere driftstimane på hovudmotorane, spare drivstoff og redusere miljøfotavtrykket. Hybridsystemet vil bli tatt i bruk på byggnummer 315 ved Ulstein Verft.

Ulstein Design & Solutions AS er ansvarleg for systemarkitekturen til powerpakken og energistyringssystemet, medan Blue CTRL leverer ULSTEIN IAS™, det integrerte automasjonssystemet.

Ved å installere eit batterisystem i tillegg til dei vanlege generatorsetta, vil ein kunne oppnå jamnare belastning på generatorane. Dette vert kalla peak shaving og fungerer ved at ei kortvarig aukande belastning vert teken frå batterisystemet i staden for frå generatorane og ein tilsvarande reduksjon i belastning medfører at batterisystemet vert opplada. Ein oppnår jamnare drift på generatorane og sparar såleis energi.

I tillegg vil batterisystemet fungere som backup. Det inneber at ein kan utføre DP-operasjonar med berre eitt generatorsett i drift. Dette er drifstoffbesparande og ein sparer driftstimar og vedlikehald.

Kravet for DP-operasjonar er at skipet framleis skal fungere sjølv om systema på halve fartøyet fell ut.

Ved å bruke batteri som backup vil ein spare driftstid på hovudmotorane ved at ein kan køyre med berre éin motor og ikkje to. Styringssystema ombord skal sikre at effekten som vert produsert av generatorsetta er avstemt mot effektbehova, og syte for at energimengda som vert lagra i batteria er tilstrekkeleg for dei operasjonane skipet skal utføre.

Meir om det neste havvindskipet til Bernhard Schulte.

Geir Haddal, Egil Rødskar og Frode Sollid i designteamet for hybridsystemet til byggnummer 315.
Geir Haddal, Egil Rødskar og Frode Sollid i designteamet for hybridsystemet til byggnummer 315.

Please contact us for more information