Ulstein Verft leverer havvindskipet Acta Auriga før tida
Acta Marine sitt nybygg, CSV/SOV-fartøyet Acta Auriga, vart levert frå Ulstein Verft 28. mars 2018, tre dagar før kontraktsfesta tid. Høg kvalitet og leveringspresisjon var avgjerande for Acta Marine då dei valte Ulstein Verft som byggeverft.
Undervegs i bygginga kontraherte selskapet Ocean Breeze Energy skipet for vedlikehaldsaktivitetar på havvindparken deira, BARD Offshore 1. Dei landa på dette fartøyet som følgje av ein gunstig kombinasjon av yteevne, kapasitet, design og drivstofforbruk - og leveringspresisjonen.
- Vi veit kor viktig det er å få eit fartøy fullført i tide. Vi har fullført utrustinga av skipet på berre 19 veker, og er sikre på at Acta Auriga vil vere ein god arbeidsplattform for eigaren og klientane deira, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.
- Dette fartøyet utgjer neste nivå i marknaden, og er skreddarsydd for offshoremarknaden, og særleg innan fornybar energi. Vi er veldig nøgde med prosjektoppfølginga og den tidlege leveringa frå Ulstein. Med dette fartøyet blir mannskapet og klientane om bord tatt godt vare på, og det vil gjere ytinga deira betre. Vi kan knapt vente med å ta skipet ut til havvindparken og sette henne i arbeid, seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine.
Ved å vurdere flyten i ulike arbeidsoperasjonar har ein utvikla optimaliserte logistikkløysingar. Her er store lasteareal på 1000 kvadratmeter, under tak og ute, med skinnesystem for konteinarar og med god plass til totalt 24 konteinarar. All lastehandtering er på eitt dekk, med trinnlaus overføring til last- og personellheisa og vidare over til vindturbinane.
Logistikkløysingane og SMST si utstyrsleveranse med den rørslekompenserte gangvegen og den integrerte heisa sikrar ei trygg overføring av personar og last i signifikant bølgjehøgd opp til 3 meter. SMST leverer også ei 3D-rørslekompensert knekkbomkran som kan handtere seks tonn last i signifikant bølgjehøgd opp til 2,5 meter. Ein del av kravet frå Ocean Breeze Energy var å sette krana og gangvegen i midten av fartøyet, for å auke fleksibiliteten i arbeidet.
Fellesområda ligg samla rundt messa, og salongane femner mellom anna om eit bibliotek og eit spelerom. Her er også badstove, treningsrom og kino. Vel så viktig for komforten om bord er dei svært lave støy- og vibrasjonsnivåa på fartøyet, som er i samsvar med krava til COMFORT V2-klassen.
Fartøyet er utstyrt med skrogdesigna X-BOW og X-STERN. X-BOW er viktig når fartøyet skal gå mellom Eemshaven og vindparken. I møtande sjø vil X-BOW-en skjere gjennom bølgjene og redusere slag og vibrasjonar. Slike repererande slag slit på kroppen, så dei mjukare rørslene i X-BOW-skipa har stor innverknad på trivselen om bord. X-STERN har mange av dei same eigenskapane til X-BOW, og vil føre til høgare fleksibilitet på vindfarmen ved at han forbetrar arbeidsevna i vinterhalvåret, gi høgare produktivitet og betre komfort for klientane. Når skipet vert halde posisjonert (dynamisk posisjon/DP) med hekken mot veret om natta eller ved vindturbinane på dagtid, vil fartøyet ikkje bli merkbart påverka av sjøen. Skipet kan haldast posisjonert med lavare belasting på thrusterane, noko som bidreg til å redusere drivstofforbruket.
Acta Auriga tek til i arbeidet i slutten av april 2018. Skipet kan halde meir enn 13,5 knops fart framover, og meir enn 12,5 knop akterover. - Vi meiner dette skipet vil betre yteevna til havvindfarmen: Det kortar vesentleg ned tida på å få servicefolka til turbinane, og vi kan derfor få tilgang til fleire turbinar per dag. Dette er neste generasjon SOV-skip, designtilpassa for å utføre den beste moglege service på BARD Offshore 1 havvindpark, fortel Sebastian Zehmke-Marahrens i Deutsche Offshore Consult (DOC), den marine rådgjevaren til Ocean Breeze Energy.
Acta Marine har også eit systerfartøy i ordre hos Ulstein Verft, for planlagt levering i andre kvartal 2019.
Viktige eigenskapar til skipet:
- Eit CSV-fartøy (Construction Support Vessel) som også kan fungere som eit SOV-fartøy (Service Operation Vessel)
- Sikker og trinnlaus person- og lasteoverføring med ein rørslekompensert gangveg, opp til 3 meter Hs
- 3D-rørslekompensert knekkbomkran for 6t lasthandtering, opp til 2,5 meter Hs
- Optimal skrogform med ULSTEIN X-BOW® og ULSTEIN X-STERN® for høg arbeidsevne
- Moderne hotellfasilitetar for inn til 120 personar, fordelt på 40 enkeltlugarar og 40 tomannslugarar
- 1 000 m2 lagerkapasitet, halvparten under tak i klimakontrollert miljø
Sjå havvinddesigna våre
VindporteføljePlease contact us for more information
Contacts
Companies
-
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway