Vellukka prøvetur for Acta Marine sitt havvindskip
SOV-skipet Acta Auriga har fullført ein vellukka prøvetur. Då dei viktigaste testane på prøveturen var unnagjort, meldte reiarlaget sine representantar følgjande: - Vi i Acta Marine-teamet om bord er veldig imponerte over prestasjonane. Vi kan nesten ikkje vente med å kome oss i arbeid med denne skjønnheita!
Som ein del av prøvetursprogrammet vart fartøyet testa ved maks fart framover og akterover. Som følgje av X-STERN®-utforminga av hekken, var akterut fart målt til over 12,5 knop, noko som underbyggjer fleksibiliteten til dette skipet ved vindfarmen. Den registrerte farta framover oversteig 13,5 knop. Støy- og vibrasjonsmålingane synte seg også å ligge godt innanfor grensene til den høge komfortklassa på dette fartøyet.
Skreddarsydd
for havvindoperasjonar
Den
store krana, gangveg, tårn for vare-/personheis og designløysingane X-BOW og
X-STERN gir høg yteevne og stor fleksibilitet, god offshorelogistikk og høg
komfort for dei opp til 120 personane om bord. Skipet har også lavt
drivstofforbruk.
Baugforma X-BOW er særleg viktig når skipet skal gå i mote sjø, avdi ho splittar bølgjekrafta. Dette gjer at fartøyet vil kunne holde fart utan slag frå sjøen og med mindre vibrasjonar. Når skipet står posisjonert ved ein vindturbin eller offshoreplattform, vil kapteinen ofte velje å halde hekken, X-STERN, mot vêret. Dette vil ikkje berre eliminere slag, men fartøyet vil vere i stand til å halde seg på staden med færre thrusterar aktive, noko som gir redusert redusert drivstofforbruk.
Hovudutstyret frå SMST, som femner om den store, sentralt posisjonerte rørslekompenserte gangvegen, heis for overføring av personell og last, og den 3D-kompenserte krana som kan løfte 6-tonns last, har gjennomgått førebuande testar før prøveturen, og vil bli testa ytterlegare før skipet vert levert.
Ferdigstilling
Fartøyet er av Ulstein sitt SX195-design, og er no tilbake til
Ulstein Verft for sluttarbeidet, før skipet skal leverast til Acta Marine.
Fartøyet er tildelt ein 2-årig arbeidskontrakt for drift og vedlikehald på
havvindparken BARD Offshore 1 utanfor Tyskland.
Please contact us for more information
Contacts
Companies
-
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway