Ulstein Verft med ny skipsbyggingskontrakt for Acta Marine

Published

Acta Marine, som for tida har eit fartøy under bygging ved Ulstein Verft, har skrive kontrakt på eitt til. Skipet er eit såkalla ‘DP2 walk-to-work (W2W) konstruksjonsstøttefartøy’ for offshoreindustrien, og av designet SX195 frå Ulstein.

Acta Marine går for eit nytt skip av denne typen.
'Vi verdset verftet si evne til å levere kvalitet og til avtalt tid'.
Rob Boer, Acta Marine

Kontrakten vart gjort kjend under Offshore Wind Journal Conference i London 6. februar 2018. Brennestart for skipet var 15. februar.

- Det første skipet vårt ved Ulstein Verft, Acta Auriga, skal snart på prøvetur, og vi er svært nøgde med framdrifta av prosjektet. Det at vi no kjem tilbake til Ulstein Verft med ein ordre på eit søsterskip er eit sterkt signal om at vi verdset verftet si evne til å levere kvalitet og til avtalt tid, noko som er svært viktig for oss som skipseigarar og for kundane våre. Vi er overtydde om at Acta sine SX195-fartøy vil føre til høgare effektivitet i logistikkoperasjonar offshore, og på den måten reduserer den totale kostnaden med å byggje vindfarmar og også bidreg til ei høgare oppetid i etablerte offshorevindfarmar, seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine.

- Acta Marine er godt posisjonerte innan havvind og offshore olje og gass. Første gong dei var i kontakt med oss, utfordra dei oss i å designe eit svært fleksibelt og kompakt fartøy med høg kapasitet som kunne vere lenge ute i feltet. Dette fartøyet er snart ferdigstilt. Vi gler oss til å samarbeide med Acta Marine igjen for å få fram endå eit nytt og moderne konstruksjonsstøttefartøy (CSV) med walk-to-work-funksjonar, kommenterer konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Signering av kontrakten på det nye skipet. Framme: Kristian Sætre (Ulstein Verft) og Rob Boer (Acta Marine). Bak: Gunvor Ulstein (Ulstein Group) og Govert Jan van Oord (Acta Marine).

Optimalisert logistikk om bord
SX195-designet, eit skip som måler 93,4 meter i lengde og 18 meter i breidda, er optimalisert for offshorevind. Det har ei stor og sentralt plassert W2W-rørslekompensert gangveg og tårnheis levert av SMST for overføring av personell og last til vindturbinane. SMST leverer også ei 3D-kompensert kran som kan løfte opp til 6 tonn. Det drivstoffeffektive skipet har godt planlagt logistikk om bord, med stor lagerkapasitet, der halvparten er under tak i eit kontrollert miljø, og med trinnlaus overgang til offshore-installasjonane. Det vil bli utstyrt med helikopterdekk. Hovudutstyret er plassert i aktre enden av skipet og arbeidsoperasjonane skjer herifrå. Det vil då vere naturleg å halde skipet med enden, X-STERN®, mot veret. Det vil då ikkje oppstå slag, støy eller vibrasjonar, noko som gir god søvn og effektiv kvile mellom skifta.

Innreiing
Skipet har stor innreiing for 120 personar. Fasilitetane om bord er moderne og av høg kvalitet, og bidreg til å gjere skipet til ein ‘heim borte frå heimen’.

Også etterspurt til drifts- og vedlikehaldsoppdrag
- Acta Marine aukar aktiviteten sin innan havvind. Dette skipsdesignet er fleksibelt og attraktivt for arbeid innan område som O&M (drift og vedlikehald) eller som konstruksjonsstøtte, og særleg ved forhold der veret og sjøen er utfordrande, fortel Rob Boer.

Sikker overgang for servicefolk – høg arbeidsevne
Skipet kan vere i arbeid heile året i signifikante bølgjehøgder opp til 3 meter. Gangvegen og krana gir sikker overførsel av personar, last og reservedelar til vindturbinane, skipet er fleksibelt i bruk på vindfarmen og komforten er høg, alt viktige faktorar for vindfarmeigarane. Fleksibiliteten bidreg til å auke produktiviteten ved drift av vindparkane.

- Vi er glade for tilbakemeldinga fra Acta Marine, og den tilliten dei gir oss ved å plassere ein ny skipsbyggingskontrakt hos Ulstein Verft. Som alltid kjem vi til å vektlegge kvalitet og leveringstid, og vi vil legge oss i selen for å levere eit toppmoderne skip til Acta Marine sin flåte, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

Fartøyet er planlagt for levering i andre kvartal 2019.

To-årsoppdrag for søsterskipet
Acta Marine fekk nyleg eit toårig oppdrag for det første skipet sitt, Acta Auriga, på havvindparken BARD Offshore 1 utanfor Tyskland. Les kvifor dei vart valt til dette oppdraget (engelsk artikkel).

Ordforklaring

  • DP2: Ein klassenotasjon som seier noko om skipet si evne til automatisk å halde posisjonen. DP-klasse 2 inneber at skipet har redundans (dobbelt opp med system) som gjer at ein enkelt feil i eit aktivt system ikkje fører til systemsvikt.
  • W2W: Walk-to-work-fartøy: Eit skip med ein aktiv hivkompensert gangveg som gir sikker tilkomst til offshorestrukturar, og aukar tilgangen til plattformer i dårleg ver. Kan nyttast både innan olje-og gassindustrien og vindindustrien.
  • O&M – Operation & Maintenance = drift og vedlikehald

Please contact us for more information

Contacts

Companies