Sjå korleis du kan spare tid med smart automasjonsplattform
Visste du at det er store tids- og kostnadsreduksjonar ved å ta i bruk tilpassa funksjonalitet og dedikerte verktøy i vår nye, marine automasjonsplattform?
X-CONNECT®-plattformen har predefinerte verktøy som forenklar og forvandlar avanserte konfigurasjonsoppsett til ein effektiv og tidssparande automasjonsprosess.
All funksjonalitet i systemet er forhandsdefinert og enkel å tilpasse til eit kvart formål. Med X-CONNECT®-plattformen kan ein med få tastetrykk konfigurere, koble til og ta i bruk.
X-CONNECT®-verktøya har brukarvenlege og intuitive brukargrensesnitt, der fokus har vore å skape prosjekt som er enkle å endre og ta i bruk, samtidig som at det skal vere trygt og enkelt å gjere oppdatingar på eksisterande prosjekt.
Unngå kjedeleg og repetativt arbeid
På grunn av eit høgt nivå av standardisering og modularisering, vil oppsett av brukargrensesnitt til ulike og tilpassa formål opplevast som rein plankekøyring.
Verktøypakken X-CONNECT® Tooling inneheld eit bibliotek med komponentar og grafiske element, noko som gjer handteringa av grensesnitt til ei enkel oppgåve for einkvar systemintegrator.
Sett opp system utan kjennskap til protokollar og programmering
Aktivisering av tilpassa programvare i dine system har aldri vore enklare. Med det dedikerte distribusjonsverktøyet, og nokre få klikk, er systemet er oppe og køyrer. Plattforma integrerer IO, kontroll, grensesnitt på operatørstasjonar og datanettverk som eitt system. Gamaldagse, fragmenterte systemarkitekturar med PLC og Scada er historie. X-CONNECT®-plattforma gir deg tilgang til verktøy som gjer at du sparar tid og jobbar smartare.
Sjå full demo av dei smarte verktøya i X-CONNECT®
SJÅ DEMOPlease contact us for more information