Har selt 13 ULSTEIN X-CONNECT®-system

Published


Heile 13 slepebåtar får no installert alarm- og overvakingssystemet ULSTEIN AMS frå Ulstein Power & Control AS. Kontrakten er skriven med USA-baserte MT. Systema er baserte på ULSTEIN X-CONNECT®.

ULSTEIN X-CONNECT Alarm and Monitoring systems for 13 Edison Chouest tugs have been contracted.
ULSTEIN X-CONNECT Alarm and Monitoring systems for 13 Edison Chouest tugs have been contracted.

Alarmovervakinga er ein del av Ulstein Power & Control sin ekspertise innan integrerte system, og MT (Marine Technologies LLC) er på si side mellom anna aktiv innan område som dynamisk posisjonering og navigasjonssystem. Bruløysingane på slepebåtane er utvikla av MT.

Mengda av sensorar og informasjon tilgjengeleg på skipa er raskt veksande, og systema må vere utvikla for å kunne møte den nye, digitale verkelegheita.

- Vi har vidareutvikla dei maritime alarm- og automasjonssystema våre slik at dei kan handtere den digitale generasjonen, og har basert desse på den nye plattforma ULSTEIN X-CONNECT®, seier administrerande direktør Gunnar H. Hide i Ulstein Power & Control.

Tryggare operasjonar
ULSTEIN AMS syter for god brukarstøtte med oversiktleg informasjon for effektive og trygge operasjonar. I tillegg, vil dei nye, hendingsstyrte systema spare meir enn 90% av belastninga på systema og datatrafikken. Dette gjer at reiarlaga har moglegheita for såkalla ‘ship to shore’-operasjonar, der ein kan samle data frå fleire ulike skip for å få større innsikt i kva som er kostnadseffektivt og ikkje.

Dei tretten slepebåtane er teikna av Damen og vert bygde i USA på verft eigde av Edison Chouest Offshore. Båtane er designa for tunge fortøyingsoppdrag og som følgjebåt i samband med oppdrag vunne i Texas og Alaska.

Marine Technologies LLC (MT) har hovudkontor i Mandeville, Louisiana, med kontor i Noreg og Brasil. Ulstein Power & Control er eit selskap i Ulstein Group, med hovudkontor i Ulsteinvik.



Vil du vite meir om X-CONNECT®?

Les meir i vår produkt brosjyre (på engelsk)

Please contact us for more information