Første milepæl for ulsteindesigna ekspedisjonscruiseskip
Brennestarten til det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic vart gjennomført om føremiddagen fredag 5. januar 2018. Skipet, som har byggenummer 312 ved Ulstein Verft, skal vere klart til sine første ekspedisjonsturar i 2020.
Kutting av det første stålet markerer produksjonsstarten for eit nytt skipsbyggeprosjekt.
Ekspedisjonscruiseskipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS, og det er lagt vekt på sikkerheit og komfort. Ustein sin innovative skipsbaug, X-BOW®, syter for betre komfort for passasjerane i røff sjø. Skipet har store tankar for drivstoff og drikkevatn som gjer at det kan gjennomføre lengre operasjonar i fjerntliggande område.
Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen.
Please contact us for more information
Companies
-
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway