Ulstein Verft skal byggje polarskip for Lindblad Expeditions

Published

Ekspedisjonsskipet er designa av Ulstein og vert det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. har signert avtale med Ulstein Verft for bygging av eit ekspedisjonsfartøy med skroglinjeforma X-BOW®. Lindblad er ein leiande aktør innan ekspedisjonscruise og reiseopplevingar utanom det vanlege.

Det nye fartøyet vil bli bygd på Ulstein Verft i Ulsteinvik, og skal leverast i første kvartal 2020. I avtalen ligg også opsjonar på ytterlegare to skip.

Foto: Verftsdirektør Kristian Sætre i Ulstein Verft informerer dei Ulstein-tilsette om kontrakten.


- Vi set pris på å bli valt som partnar for dette spennande prosjektet. Lindblad er eit nyskapande selskap og i fremste rekke innan ekspedisjonscruise. Vi ser fram til å realisere prosjektet saman med Lindblad og deira samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.

Det moderne skipet er utvikla for polare forhold, som den ultimate plattforma for ekspedisjonar der sikkerheit og komfort står i fremste rekke, saman med berekraftige løysingar for å redusere påverknaden på miljøet. Den bakoverlente baugen, X-BOW®, er Ulstein sitt designkjenneteikn, og syter for drivstoffeffektivitet samtidig som han forbetrar passasjerane sin komfort i røff sjø. Skipet har også ei svært høg isklasse for å kunne kome seg langt inn i polare strøk. Skipet har store tankar for drivstoff og drikkevatn som gjer at det kan gjennomføre lengre operasjonar i fjerntliggande område.

Integrerte stabilisatorfinnar sikrar stabiliteten undervegs, mellom anna når skipet stoppar opp for å observere dyrelivet, eller ved avstigning eller ombordstigning.

- Dette vert eit toppmoderne fartøy, og vi er veldig glade for å jobbe i lag med Ulstein og deira team av dyktige ingeniørar og designarar når vi no utvidar flåten vår. Det nye skipet blir sentralt for vår langsiktige vekst, og vil bli verdas mest ekstraordinære ekspedisjonsskip innan ei rekke område, seier Sven Lindblad, som er konsernsjef i Lindblad.

Lindblad Expeditions-National Geographic ønskjer at dei reisande skal kunne delta i utforsking av naturen. Skipet er derfor designa for å få tilgang til naturen overalt på skipet. 75 prosent av lugarane har eigne balkongar, og der er fleire observasjonsdekk både innandørs og på dekk, i tillegg til observasjons-vingar. Naturen kring skipet vil difor alltid vere tilgjengeleg. Utforsking av naturen utanfor skipet er mogleg på kort tid med eit innovativt lastesystem for rib/gummibåtar. Skipet har også eit rikt utval av mellom anna kajakkar, ski, ein fjernstyrt miniubåt, hydrofonar, eit videomikroskop og eit undervassvideokamera for fleire ekspedisjonsopplevingar, i tillegg til eit helikopterdekk.

Fartøyet har høgaste komfortklasse for passasjerane for å sikre eit roleg og fredeleg miljø om bord. Dei 69 romslege gjestelugarane og suitene femner også om tolv lugarar for enkeltreisande. Spa- og treningsområda inkluderer behandlingsrom, badstuer, treningsrom, avslapningsområde og yogarom, og to boblebad med glasveggar ut i sjøen for å kunne slappe av i nær kontakt med naturen. Mattilboda omfattar ein hovudrestaurant med eineståande utsikt, grill- og bistroområde.

- Ekspedisjonscruisa våre, som vert gjennomført gjennom alliansen vi har med Lindblad Expeditions, har gitt gjestane våre eventyrlege opplevingar gjennom 13 år, seier Nancy Schumacher, leiar for Travel and Tour Operations i National Geographic. – Utvidinga av Lindblad-National Geographic sin flåte er ei fantastisk nyheit, det gir oss høve til å tilby desse ugløymelege turane til endå fleire reisande i framtida.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne leiteverktøy.

ULSTEIN har om lag 600 tilsette og har hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. I 2017 feirar selskapet sitt 100-årsjubileum. Gjennom eit hundreår har dei skapt morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar saman med sine partnarar. Ulstein Verft har til saman bygd over 300 skip, meir enn 100 skip frå Ulstein Group er levert med X-BOW®.

National Geographic Partners LLC (NGP) er eit samarbeid (joint venture) mellom National Geographic og 21st Century Fox. Dei har som målsetting å tilby vitskap, forsking, eventyr og utforsking på tvers av sine mediekanalar, som kvar månad når meir enn 760 millionar menneske i 172 land. NGP yter 27 prosent av inntektene sine til nonprofitt-selskapet National Geographic Society for å finansiere arbeid innan vitskap, utforsking, naturvern og utdanning.


Signering av kontrakten i New York.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com