Verdas største plug-in hybridskip er tildelt Next Generation Ship Award

Published

Ved opningsseremonien til Nor-Shipping-utstillinga, blei plug-in hybridskipet «Color Hybrid» kåra til vinnar av Next Generation Ship Award. Prisen vert delt ut annakvart år. Fartøyet er designa av Fosen Yard og vert bygd av Ulstein Verft for eigaren Color Line. Prisen blei utdelt av H.K.H Kronprins Haakon.

Med fokus på innovasjon, heidrar prisen det mest lovande design på skip som skal sjøsettast det komande tiåret.

– Vi er stolte av å vinne denne prestisjefylte prisen, og det er svært gledeleg at norsk verftsindustri har vist seg internasjonalt konkurransedyktig, og at Color Line bidreg til ei vidareutvikling av ei meir miljøvennleg norsk maritim næring, seier konsernsjef i Color Line, Trond Kleivdal.

– Dette er ein viktig milepæl for oss, og vi ser frem til ein nyskapande prosess og eit godt samarbeid med Color Line dei neste to åra, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein.

«Color Hybrid» er eit plug-in hybridskip, der batteria vert lada opp via ein straumkabel med miljøvennleg straum frå eige landstraumanlegg, eller ved at batteria vert lada om bord frå skipet sine generatorar.

- Satsing på miljø og berekraft er ein akselerator for Color Line, som har installert landstraumanlegg i alle hamner som selskapet har anløp i Noreg, seier Trond Kleivdal.

Det nye skipet skal leverast våren 2019, og skal trafikkere ruta mellom Sandefjord og Strømstad. Skipet vil gå på batteri inn og ut av fjorden til Sandefjord. Skipet vil derfor ikkje gi utslepp av skadelege miljøgassar eller nitrogen- og svovelforbindelsar til luft i området. Skipet tar også i bruk nye løysingar for støyreduksjon. Den ytre støyen ved lav hastigheit målt i 100 meter avstand frå fartøyet, vil vere langt lavare enn støyen som kjem frå ein normal samtale.

I følge juryen viser årets vinnar innovasjon og ein ambisjon som leier den maritime næringa vidare til ei grønare, meir lønsam og meir berekraftig framtid.

Hybridskipet vil vere 160 meter langt og ha ein kapasitet på 2 000 passasjerar og 500 bilar.

«Color Hybrid» – hovedfunksjonar

  • Spesialkonstruert for lav miljøpåverknad og høg energieffektivitet – med blant anna plug-in hybridteknologi
  • Full batteridrift og nullutslepp inn og ut av Sandefjordsfjorden
  • Svært støysvak, både under drift med batteri og med konvensjonelle motorar og under landligge i hamnene
  • Batteripakke på cirka 5 MWh muliggjer opp til 60 minutt manøvrering og segling i 0–12 knop
  • Effektivt varmegjenvinningssystem ved bruk av varmtvassreservoaret om bord (WHR - Waste-heat-recovery system)

Sist gong Next Generation Ship Award vart delt ut, i 2015, gjekk prisen til Ulstein sin X-STERN®-design.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com