Komplett kraft- og kontrolleveranse til offshorevindfartøy

Published

Ulstein Power & Control AS har signert kontrakt om levering av ein komplett systemleveranse for eit konstruksjons- og supportfartøy (CSV) for det nederlandske selskapet Acta Marine B.V.

Leveransen inkluderer ein komplett pakke med automasjon (ULSTEIN IAS), kraftdistribusjon og kontrollsystem, maritim kommunikasjon, integrert bruløysing, distribusjon og elektriske framdriftssystem.

- Vi er veldig glade for å ha landa denne kontrakten. Dette gir oss ein viktig inngang til offshorevindmarknaden der vi ser eit stort potensial for våre produkt og systemleveransar. Vi vonar at meir effektive kraft- og framdriftssystem vil gi betydelege fordelar for operasjonar utførte av denne type skip. Målet vårt er å utvikle miljøansvarlege løysingar for offshorevindfartøy, og at operatørane får fartøy som gir eit så lite fotavtrykk i naturen som mogleg, seier administrerande direktør Gunnar H. Hide i Ulstein Power & Control.

Skipet er under bygging ved Ulstein Verft, og skal leverast i starten av 2018.

Ulstein Power & Control har for tida 1-2 ledige stillingar som utviklingsingeniør.. Den eller dei som vert tilsette, skal jobbe direkte med denne typen utvikling av system.