Acta Marine skriv kontrakt med Ulstein på vindfartøy

Published

Ulstein Verft AS har signert ein kontrakt på bygginga av eit DP2 konstruksjonsstøttefartøy (CSV) for det nederlandske selskapet Acta Marine B.V. Skipet er primært tiltenkt arbeid i offshorevindmarknaden og er av designtypen SX195 frå Ulstein Design & Solutions AS.

- Vi utvidar tenestene og flåten vår innan offshorevind og valte Ulstein som partnar for vårt nye konstruksjonsstøttefartøy. SX195-designet med X-STERN®, eit integrert gangvegsystem med 3D-kran, og ei stor innreiing, gjer at dette skipet vert eit nytt steg for å stette marknadsbehova, seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine.

Fleksibilitet ute i feltet, operasjonsevne på vinterstida, sikker overføring av folk og last, optimalisert logistikk om bord, høg produktivitet og høg komfort for befraktaren sine folk, er kvar for seg viktige eigenskapar ved skipet.

- Skipet vil bli det neste nivået i marknaden og er svært veleigna til å operere i offshoremarknaden, særleg innan fornybar energi. Viktig for oss er også at Ulstein Verft er kjende for kvalitet og for å levere til avtalt tid, og ein stor del av skipskonstruksjonen går føre seg under tak og i eit kontrollert miljø, fortel Boer.

- Vi er glade for at Acta Marine har valt Ulstein til dette prosjektet, kommenterer konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. - Vi ser fram til samarbeidet og til å levere eit nytt fartøy til den veksande fornybar energi-marknaden.


CSV-fartøyet er 93,4 meter langt og 18 meter breitt, og kan huse opp til 120 personar. Det vil bli utstyrt med eit dynamisk rørslekompensert gangvegsystem frå SMST, som er montert på eit integrert tårn med høgdejustering og ei personell-/lasteheis. I tillegg har skipet ei 3d-kran med seks tonns løftekapasitet. Lastearealet er 500 kvadratmeter under tak, og 500 kvadratmeter utandørs. Skipet skal kunne syte for overføring av personell og last på ein trygg og effektiv måte i signifikant bølgjehøgd (Hs) opp til 3 meter.

Skipet kan ta oppdrag innan kommisjonering og konstruksjon i installasjonsfasen av offshorevindfarmar, og innan vedlikehald på ferdigstilte vindfarmar. Skipet er planlagt for levering i første del av 2018.

I tillegg til skroglinjedesignet X-BOW®, er fartøyet også utstyrt med X-STERN™, som aukar fleksibiliteten og operabiliteten medan skipet er på offshorevindfarmen. Skrogforma aukar komforten for dei som er om bord, ved at det vert ein vesentleg reduksjon i slag, støy og vibrasjonar.

– Saman med Acta Marine har Ulstein utvikla eit topp moderne fartøy, og vi står klare til å bygge eit skip som skal yte optimalt innan offshorevind, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.

Please contact us for more information

Companies