Ute i ein ny marknad

Published

Det tidlegare kabelleggingsfartøyet Normand Cutter er bygd om til eit rørleggings- og konstruksjonsfartøy. Sonsub har inngått ein treårskontrakt med eigaren Solstad Shipping på bruken av fartøyet. Ein spennande marknad venta skipet då det gjekk frå ombyggingsverftet Ulstein Verft AS i mai.

22. mai 2004 forlot den ombygde Normand Cutter Ulstein Verft, og gjekk rett til sitt første oppdrag.
– Vi gjekk til Moss, der vi lasta 18 km navlestreng, eller ”umbilical”, fortel kaptein Geir Ove Olsen. - Navlestrengen blei strekt mellom Sleipnerplattformen og undersjøiske, ubemanna plattformer. Samankoblinga skjedde ved hjelp av ROV-ar, fjernstyrte miniubåtar. Gjennom navlestrengen forsyner morplattforma dei ubemanna plattformene med alt dei treng, det vere seg hydraulikk, olje, fiberoptikk eller straum. Det første oppdraget gjekk smertefritt, og vi brukte knapt tre døgn på jobben, seier han.

MOBILISERER FOR KVITEBJØRNFELTET
Denne karusellen blir brent bort etter første oppdraget. – Vi treng ikkje karusellen på neste oppdrag. Då skal vi til Peterhead for å mobilisere for Kvitebjørnfeltet. Mellom oljeplattforma og rørledningane skal det leggast ned 40 meter lange ”spools”, koblingar som inneheld ventilar. Kvar enkelt av koblingane veg 80 tonn, og då kjem vi til å nytte 300-tonnskrana. Krana kan løfte 300 tonn på éin enkelt vaier. Sjølve vaieren veg 172 tonn, og berre kroken veg 27 tonn. Det er svære dimensjonar, seier kapteinen.

DYKKAROPPDRAG
- Dei to første oppdraga varer halvannan månad og krev ei besetning på opp mot 90 personar på det meste. Det neste oppdraget krev full bemanning, altså opp mot 114 personar. Då skal vi til Libya i to omgangar. Vi skal delta med dykker- og konstruksjonsarbeid ved Bar-el-Salaam-feltet. Etter at dykkerarbeidet er avslutta, skal vi til Noreg og fjerne dykkeutstyret og få på ein ny karusell. Deretter skal vi til Libya på nytt, for å installere navlestreng der, fortel Olsen.

DEKKER EIN MELLOMMARKNAD
- Variasjonen i dei tre første oppdraga viser den spennande rørleggings- og konstruksjonsmarknaden vi nå har begynt i. Det er nesten ingen fartøy som har den krankapasiteten vi har: Vi dekker marknaden som fell mellom dei mindre skipa og dei kjempesvære kranfartøya. 300-tonnskrana kan gå ned til 2500 meter, og 25-tonnskrana er oppgradert til å gå ned til 500 meter. Den minste krana supplerer den store, og kan avhjelpe i enden av løft. Dei to kranene kan samanlagt femne over heile dekket. Vi kan ta på oss fleire ulike oppdrag som kranoppdrag, dykking og alle typar konstruksjonsarbeid, og vi har ei stor lastekapasitet på 10 000 tonn. Vi har ein treårskontrakt med Sonsub, og eg tror ikkje vi blir arbeidsledige på desse tre åra, fortel kapteinen.

GRUSOMT I BYRJINGA, MAJESTETISK ETTER KVART
Geir Ove Olsen er fornøgd med ombygginga no når alt er overstått og fartøyet hans er ute i oppdrag. Han såg ikkje så lyst på situasjonen då skipet blei inndokka for ombygging: - Eg førte skipet frå Baltimore til Ulstein Verft. Vi kom fram i byrjinga av desember 2003, og dagen etter inndokking sto fire brennflammar ut frå skutesidene. Det var eit tungt syn, og eg måtte ha ei stille stund for meg sjølv, sukkar kapteinen, og held fram: - Heile skipet såg forferdeleg ut, og eg hadde det vondt kvar gong eg var ute og kika. I februar byrja eg å sjå kva resultatet ville bli, og ved påsketider blei det kjekkare for kvar dag som gjekk. Så kom dagen då fartøyet gjekk frå den indre overbygde dokka og ut i ytre dokk. Då kunne eg gå på land og fikk sjå fartøyet på avstand. Det var eit majestetisk syn, og frå då av gjekk eg berre og gliste, fortel han.

FORNØGD KAPTEIN
Kaptein Olsen er fornøgd med det ”nye” fartøyet han fører. – Det er eit svært sofistikert skip med mykje tungt og avansert utstyr. Skipet fungerar som forventa, og lyder det minste vink. Vi har ikkje hatt nokon startvanskar, og eg tror fartøyet vil fungere utmerkt framover, avsluttar han.