Oppgradering gir nytt liv for eldre tonnasje

Med fagteam innan skipsbygging, skipsdesign og maritime løysingar kan vi raskt utføre oppgraderingar og klassingar, eller redesigne og bygge om fartøyet til eit nytt segment.

Skipsverftet vårt leverer høgkvalitets skipsreparasjonar og ombyggingar. Nært samarbeid mellom skipsdesignarane og prosjektteama sikrar kostnadseffektivitet, kjapp respons og ei tett oppfølging av ombyggingane. Les meir.

Oppgradering og modernisering
Eitt av våre nyare oppgraderingsoppdrag er for renoveringa av ekspedisjonscruiseskipet 'Ocean Adventurer' i 2017. Arbeidet førte til ei generell modernisering av heile fartøyet. Vesentlege tekniske oppgraderingar er også gjennomførte, noko som har gitt eit skip med auka drivstoffeffektivitet og med redusert karbonavtrykk.

Ocean Adventurer vart oppgradert ved Ulstein Verft.
Ocean Adventurer vart oppgradert ved Ulstein Verft.

Konverteringar
Vi kan skape om eit offshoreskip, typisk eit plattformforsyningsskip, til eit anna type offshoreskip som fleirbruksstøttefartøy, lett subsea konstruksjonsskip eller offshorevindserviceskip, eller til eit skip heilt utanom offshore, til dømes brønnbåt eller mindre cruiseskip.

Eit tidlegare plattformforsyningsfartøyav designtypen ULSTEIN PX121 utstyrt med ei 60-tonnskran og ekstra innreiingsmodul.
Eit tidlegare plattformforsyningsfartøyav designtypen ULSTEIN PX121 utstyrt med ei 60-tonnskran og ekstra innreiingsmodul.

Større ombygging på fem månader

Ei av lenkjene nedanfor viser til ombygginga av Normand Cutter i 2004. Dette skipet, og systerskipet Normand Clipper, vart begge bygde som kabelleggingsskip ved Ulstein Verft. Då marknaden for kabellegging vart dårlegare, vart skipa ombygde til rørleggings-/konstruksjonsskip. Den svært omfattande ombygginga tilsvarer i arbeidsmengd eit nybygg av eit plattformforsyningsskip, og vart gjennomført på fem månader.


Designberekningar, -analysar og testar

Kasteelborg, (tidlegare Blue Queen), vart i 2018 konvertert frå eit plattformforsyningsfartøy av PX121-designet, til eit W2W ERRV-fartøy. Ulstein Design & Solutions AS utførte vektestimata basert på skipsdata og data for dei nye komponentane som inkluderte innreiingsmodulen, den rørslekompenserte krana og gangvegen, og utførte også kalkulasjonar på stabilitet og elektrobalanse, rørsleanalyse og krengeprøve.

Til avtalt tid
Ulstein er ei gruppe av maritime selskap. Som offshoreekspertar, kjenner vi godt til korleis eit fartøy kan bli hamra og herja med av kreftene i havet. Som skipsdesignarar, har vi ekspertteam for alle delar av eit fartøy, inkludert fagfelt som skrogstyrke, hydrodynamikk og framdrift. Skipsverftet vårt, Ulstein Verft, er ein langsiktig partnar med kompetanse i å bygge, konvertere og reparere skip. Dokkhallen vår sikrar toppfasilitetar for sikker og kontrollert reparasjon og oppgradering av fartøy.

Vi utviklar endringsteikningar, både på overordna nivå og meir detaljerte design, basert på våre eigne ULSTEIN-design eller eksterne design. Tett samarbeid mellom våre skipsdesignarar og prosjektteamet sikrar kostnadseffektivitet, raske svar og fullstendige konverteringar, levert til avtalt tid.

Referansar gjennom 100 år
Fleire hundre skipsdesign, nybygg og ombyggingar er leverte av ULSTEIN sidan vi starta opp aktiviteten i 1917. Våre referansar inkluderer offshorefartøy, passasjerskip, RoRo-skip, fiskefartøy med meir.

Skipsverftsfasilitetar

Please contact us for more information

Companies

Contacts