Stort og krevjande ombyggingsoppdrag

Published

Desember 1999: For mange av dei tilsette ved Ulstein Verft AS er det ikkje ei stille og roleg førjulstid. Det store ombyggingsoppdraget på Normand Tonjer som verftet fekk med Solstad Shipping AS i slutten av oktober 1999, er midt inne i ein hektisk fase. Tidspresset er stort for å ha skipet ferdig til 23. februar 2000.

- Dette er ei stor og krevjande ombygging, og vi har rundt 100 personar i arbeid med prosjektet, fortel byggjeleiar Kenneth Pettersen ved Ulstein Verft. Oppdraget er berekna til å ta fire månader.

- Normand Tonjer skal bli eit spesialskip for ROV- og sureveytenester, forklarar Pettersen.
Skipet er opprinneleg bygd i 1983 ved verftet Georg Eides Sønner AS i Hordaland, og er eit plattformforsyningsskip av typen UT705. Etter den omfattande ombygginga skal det kunne utføre inspeksjonsarbeid og mindre installasjonar på havbotnen, mellom anna ved hjelp av ein fjernstyrt ubemanna miniubåt.

- Vi skal mellom anna installere helikopterdekk, dynamisk posisjoneringssystem, ei stor 50-tonnskran, ny hjelpemotor og ein god del anna utstyr. Vi skal bygge ein ny boligmodul med 38 lugarar, hangar for miniubåten og ulike kontrollrom og kontor. Etter ombygginga vil innreiinga i skipet framstå som ny, seier Pettersen.

Hektisk byggetid
Han legg til at dette er eit krevjande arbeid for veftet, både fordi tidsmarginane er små og fordi mykje av arbeidet må skje parallelt.

- Ved nybygg arbeider vi i fasar og gjer mykje av planleggingsarbeidet i forkant. Ved ei ombygging må både konstruksjon, innkjøp, planlegging og bygging for ein stor del skje parallelt. I tida frå jul og fram til levering i slutten av februar blir det ekstra hektisk. Då kjem seksjonane frå Ulstein Verft avd Vanylven på løpande band saman med spesialutstyret som skal om bord. Boligmodulen skal innreiast komplett på fem veker. Alt skal så monterast og gjerast ferdig i Ulsteinvik før skipet kan gå ut på sitt første oppdrag i ny drakt.

Trufast kunde
Normand Tonjer skal etter ombygginga arbeide for selskapet Deep Ocean AS, eit spesialselskap for undervasstenester offshore der Solstad har ein større eigardel. Solstad-reiarlaget har i mange år vore ein god kunde hos Ulstein Verft. Reiarlaget har bygd ni offshorefartøy ved verftet, sist dei to store fleirbruksskipa Normand Pioneer og Normand Progress.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com