Klokke i 100-årsgåve frå dei tilsette

Published

Klokka som no har kome opp i kantina på Expo, vart gitt som ei 100-årsgåve til bedrifta frå arbeidarane i Ulstein, finansiert frå salet av Aktivitetshuset. – Vi ville gi noko som er nyttig og synleg, og som gir eit historisk perspektiv, fortel representantar for dei tilsette.


– Det er noko symbolsk ved at tida går, og det kan vere lett å gløyme alle båtane vi har bygd. Klokka minner om den lange historia, det er først når klokka har bikka ni at X-BOW-en dukkar opp.

Alle båtane på klokka har rett målestokk i forhold til kvarandre, så det er lett å sjå utviklinga i skipsstorleik. Båtane som er med på klokka er ikkje tilfeldig valt, dei har alle si eiga historie, som kan lesast på ein eigen plakett på veggen. Båten på visarplass 1 er Hatlø sitt byggnummer 1, ‘Hod’, frå 1936, medan det første cruiseskipet til Lindblad Expeditionshar kome på visarplass 12.

Klokka 1: Elna 1917
Klokka 2: Hod 1937
Klokka 3: Torulf 1957
Klokka 4: Midnatsol 1982
Klokka 5: Gullbas 1986
Klokka 6: Polarlys 1996
Klokka 7: Normand Progress 1999
Klokka 8: Olympic Hercules 2002
Klokka 9: Bourbon Orca 2006
Klokka 10: Island Performer 2014
Klokka 10: Acta Auriga 2017
Klokka 12: Intensjonsavtale cruisedesign 2017 - seinare materialisert i National Geographic Endurance

Gunvor og Tore Ulstein representerer eigarane og er svært glade for gåva: - Ideen er berre heilt strålande, noko så originalt som å koble den 100-årige historia vår til tida som går! Med den plasseringa ho har visest ho også godt igjen i inngangspartiet, og gir eit svært godt inntrykk for dei som kjem innom.