X-BOW® på kroner, film og arkitektur

Published

Eit design kan gi inspirasjon til heilt andre område, og skipsbaugdesignet X-BOW har inspirert mange. Eit X-BOW-skip er avbilda på den nye hundrelappen. Men baugdesignet har også gitt inspirasjon til ei ny kyrkje, har vore ‘skurken’ i ein barnefilm, og er avbilda på ein russisk frimerkeserie.

Saman med vikingskip på pengeseddel
I tillegg til vikingskipet Gokstadskipet, er eit offshoreskip med X-BOW-design avbilda på 100-lappen i Norges Bank sin nye setelserie som vert tatt i bruk 30. mai 2017. Åtte deltakarar deltok i banken sin konkurranse, der temaet var ‘Havet’. Banken kåra The Metric System/Terje Tønnesen til vinnar av forsida på setlane, medan baksida er designa av Snøhetta.

To av dei sju andre deltakarane som var med i konkurransen om dei nye setlane, hadde også teikna inn X-BOW-designet i sine framlegg.

Kyrkjearkitektur
Då arkitektkontoret Snøhetta, som står bak kjende prosjekt som 9/11-minnesmerket i New York og biblioteket i Alexandria – og baksida av Norges Bank sine nye sedlar, i 2016 presenterte teikningane sine til ei ny kyrkje i Ulsteinvik, kom det fram at X-BOW hadde gitt inspirasjon til arkitekturen:

- I prosessen med konseptutvikling samlar vi inspirasjon frå både lokale og fjernare referansar. Dei lokale referansane er viktige for å forstå staden vi jobbar og bidreg til å skape ei tilknyting mellom prosjekt og stad. I utviklinga av konkurranseforslaget Excelsior for Ulstein kyrkje var X-BOW ein av dei lokale referansane vi studerte. Båtforma er eit ikon på innovativ design og vi er svært begeistra for produktet og historia bak. Vi snakka også mykje om verftsindustrien generelt, og stål som material. Stålet fekk ei rolle i innvendige skilleveggar og utvendige forstøtningar, fortel prosjektleiar i Snøhetta, Margrethe Lund.

Skurk på film
X-BOW har også vore aktør på barnefilm. Baugdesignet dukka opp som skurken i animasjonsfilmen «Elias og jakten på havets gull».

- Dei tøffaste båtane i verda er x-bowen. Og på film er det skurken som er den tøffaste, fortalde filmprodusent John M. Jacobsen som ei forklaring på at storskurken, Polardronninga, og alle medhjelparane hennar er X-BOW-båtar.

Russiske frimerke
Seismikkskipet Vyacheslav Tikhonov vart døypt i 2011 av den russiske statsministeren Vladimir Putin i OL-byen Sotchi. I 2013 dukka skipet opp på ein russisk frimerkeserie. Skipet heitte opphavleg Polarcus Selma, og vart bygd for Polarcus ved Drydocks World Dubai. Det vart leigd ut til russiske OAO Sovcomflot på ei langtids bareboat-kontrakt i 2011.

Andre skipstypar frå Ulstein på frimerke
Også fleire andre typar skip bygde av Ulstein har tidlegare vorte avbilda på frimerke.

Dette inkluderer fiskebåten Krùnborg, byggnummer 48H, på eit færøyisk frimerke utgitt i 1977 og hurtigruta Polarlys på eit frimerkeark om nordisk matkultur utgitt i 2016.

Det kombinerte passasjerskipet/forskingsfartøyet Polar Circle gjekk inn i arktisk cruisetrafikk i 1991. Skipet er byggnummer 215 frå Ulstein. Skipet, som no har namnet HMS Endurance, er avbilda på eit frimerke utgitt i British Antarctic Territory i Antarktis, og på frimerke utgitt på øya Tristan Da Cunha i det sydlege Atlanterhavet. Nokre av dei sistnemnde frimerka har eit overtrykk der det står ‘Hurricane relief 2001’. Det inneber at merka vart selde med ein tilleggsverdi, der overskotet vart nytta til offer av ein orkan som råka øya i 2001. Verftet fekk prisen 'Outstanding Oceangoing Shipbuilder Award 1991' for bygginga av dette skipet.

På frimerkearket ‘Norsk arbeidsliv’ utgitt i 1985, er scener frå arbeidslivet offshore avbilda. Frimerke nummer to er byggnummer 177, ankerhandteringsfartøyet "Odin Viking".

På eit førstedagsbrev frå 1988, er ferjene Torulf, byggnummer 11 og byggnummer 33H, avbilda på konvolutten. Desse ferjene vart avløyste av den nye Herøybrua, som er motivet på sjølve frimerket.

Når båtar blir avbilda på setlar og frimerke eller nytta i andre samanhengar, så er dette med på å setje positivt fokus på maritim næring og maritim industri. Den maritime industrien blir gjennom dette anerkjent som ein viktig del av samfunnet.