Åtte minutt med Island Constructor

Published

Denne prosjektfilmen av Island Constructor representer ei tid, for ikkje lenge sidan, då ein åtte-minutts presentasjonsfilm var kort og fornuftig, men han viser verkeleg eit fantastisk prosjekt frå A til Å! Krøll deg saman i sofaen med ein kopp med noko godt i og nyt!

Fartøyet vart levert 23. mai 2008 til Island Offshore, og vart døypt dagen etter. Skipet si første oppgåve var å plugge att avstengde brønnar i Nordsjøen, før det gjekk inn på ei tre-årskontrakt med BP, for eit gitt tal dagar pr år. Island Constructor vann Offshore Support Journal’ sin pris 'Årets skip 2008'.

Ulstein Group utvikla ein moderne interiørprofil med både innovative funksjonelle og designløysingar for dette skipet. Skipet hadde også det IP-baserte ULSTEIN COM®-systemet installert, noko som inkluderer ein TV-basert portal for fleire typar tenester slik som tv, radio, informasjon frå andre skip og frå rederikontoret på land, sikkerheitsinformasjon og fotos/film frå ulike kamera om bord.

Dette X-BOW-skipet var tre gongar større enn noko X-BOW-fartøy tidlegare bygd, og det store styrehuset målte 380 kvadratmeter.

I tillegg til oppgåver som brønnarbeid utan stigerør (RLWI), undersjøisk konstruksjon, installering av utstyr og inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar, er skipet utstyrt med eit hivkompensert tårn for modulhandtering og er i stand til å utføre ROV-operasjonar. Skipet vart seinare omklassa til rigg, for å kunne arbeide på både norsk og engelsk sektor. Skipet har arbeidd for fleire selskapt og utført mange ulike oppgåver sidan det vart levert. Detaljar om fartøyet.