Sleperekord for Normand Progress

Published

15. oktober 1999 vart det sett verdsrekord ved Ulstein Verft. 'Normand Progress' hadde då eit snitt på 304 tonn slepekraft over ti minutt, noko som gav skipet ei plassering i Guinness rekordbok. Dokumentert slepekraft er viktig i kampen om oppdraga, og reiarlaget Solstad såg på rekorden som ei investering for framtida.

Tidlegare på året hadde systerskipet 'Normand Pioneer' også sett rekord i slepekraft på 286 tonn. Men den gongen var ikkje dei rette instansane med på prøveturen for å kunne dokumentere rekorden.

Normand Pioneer og Normand Progress er ein del av Solstad-flåten. Solstad, som nyleg (2017) overtok Rem Offshore, slo seg seianre saman med reiarlaga Deep Sea Supply og Farstad Shipping, og det nye reiarlaget Solstad Offshore har ein flåte på meir enn 150 skip og er det fjerde største på verdsbasis.

I dag er det Far Samson som står oppført i Guinness rekordbok med størst slepekraft.

Lokalavisa Vikebladet Vestposten hadde ein svært leseverdig artikkel, 23. oktober 1999, ført i pennen av Aksel Knutsen:

Jubel over sleperekorden

Det var jubel om bord i forsyningsskipet "Normand Progress" då Erik Hobberstad frå Det norske veritas fredag i forrige veke kunne stadfeste at skipet hadde strekt ein stålwire som var festa i Osneset med ei kraft på 304 tonn i gjennomsnitt i ti minutt. Lensmannsbetjent Detlef Sandanger frå Herøy og Sande lensmannskontor kunne berre stadfeste at det ikkje var fuska med tala så langt han kunne sjå. Veritas hadde eigne måleinstrument som var knytte saman med ein pc ombord, og som viste strekket på wiren.

Men på den tida maksimalstrekket vart utført svinga slepekrafta noko, og instrumenta viste innimellom heilt opp i 319 tonn slepekraft.

For om lag ti månader sidan vart det publisert at søsterskipet "Normand Pioneer" hadde sett ny verdsrekord i slepekraft med 286 tonn i ein "bollard pull"-test. Men allereie ved 90 prosent av full maskinkraft, var "Normand Progress" oppe i 243 tonn i toppane. Rekorden til "Normand Pioneer" kunne ikkje bli godkjent for Guinness rekordbok. Men det kunne rekorden til "Normand Progress", for forrige fredag var politiet med om bord og kunne stadfeste tala.

Ikkje berre "show"
Kapteinane om bord på "Normand Progress" påpeikar at det ikkje berre er "show" ein slik test handlar om, sjølv om det også er stor stas. Men kvart tonn slepekraft kan vere ein konkurransefaktor når skip skal konkurrere om slepeoppdrag. Nokre tonn frå eller til kan då avgjere om det trengst eitt eller to skip for å utføre oppdraget.

"Normand Progress" og "Normand Pioneei" er nettopp bygde for å kunne konkurrere om dei mest krevjande slepeoppdraga. Slike oppdrag kan vere å slepe ein plog langsetter havbotnen for å gi plass til rørleidningar for olje- og gassutvinning. Solstad Shipping, som eig både "Normand Pioneer" og "Normand Progress" vert rekna som eit reiarlag med nokre av dei mest moderne og best haldne skipa i verda.

Maskinfolka sikra sleperekorden

Medan folk på brua følgde spent med på måleinstrumenta som viste slepebelastninga for "Normand Progress", var det to karar nede i botnen på skipet som får mykje av æra for at det i forrige veke vart sett rekord i slepekraft.

Arne Kjell Ertesvåg frå verftet og Jan Ståle Relling frå motorprodusenten Wärtsila var nemleg nede i maskinromet og sørga for at dei fire hovudmotorane ga frå seg sitt ytterste av krefter. Det gjekk fleire timar med testing av slepekrafta ved moderat maskinkraft før skipet utpå ettermiddagen fredag i forrige veke var klar til den endelege prøva der hovudmaskineriet skulle pressast til 110 prosent maskinkraft
samstundes som ein svingbar propell under skroget med ein effekt på vel 2700 hestekrefter hjelpte til. Målet var å overgå søsterskipet
"Normand Pioneer" i slepekraft. Men korleis kan maskineriet yte meir enn hundre prosent?

Over 30 000 hestekrefter
- Vi aukar effekten med ti prosent ved å tilføre meir drivstoff, forklarar representanten frå motorfabrikken Wärtsila.
- Normalt yter dei fire hovudmotorane om bord i ''Normand Progress" 18500 k W eller vel 25000 hestekrefter ved hundre prosent, forklarer Jan Ståle Relling.
Men dette kunne altså han og Arne Kjell Ertesvåg gjere noko med, sjølv om dei då fekk fram maskinkrefter som ikkje bør nyttast til vanleg. Men under rekordforsøket var det altså vel 30.000 hestekrefter i sving som strekte og drog i Osneset. Det er meir enn mange store tankskip har å rutte med, det. Dei med litt sans for spøk, ville ha det til at dette eigentleg handla om å utvide verftsområdet ved å strekkje det litt nærare Torvika.

Pumpa sjøen i 1 knops fart
Faktum er i alle fall at loggen om bord i skipet, eller fartsmålaren, viste ei fart på omkring l knop under rekordforsøket. Kunne det altså vere mogleg at Osneset flytta på seg nokre meter?
Men det vart fullstendig avvist av dei som visste betre. Det var farta på sjøvatnet og ikkje farta på skipet som då vart registrert. Der utanfor Osneset vatt altså sjøvatnet pumpa forbi i 1 knops fart. Det kunne neppe bli fjøre sjø i Ulsteinvik så lenge det stod på.

''Bollard pull"
Men det var på akkurat same måten søsterskipet "Normand Pioneer" blei testa, og for den saks skuld andre skip som skal oppgi slepekraft når det vert spørsmål om det. Sleping av eit absolutt fast punkt verkar sjølvsagt heilt meiningslaust. Men det kallast altså ein "bollard pull"-slepeprøve. Det viktigaste er eigentleg å finne eit mål for å samanlikne slepekrafta frå skip til skip. Til det er denne testen brukbar.

Fast turtal
Framdriftsmaskineriet om bord i "Normand Progress" går med eit fast turtal på 600 omdreiningar i minuttet - uansett om båten går fort eller sakte. Farta og slepekrafta blir regulert med vridninga på propellblada. Drivstoffet er såkalla lett tungolje. Denne er for tjuktflytande til å berre bli tømt inn på motorane. Undervegs til sylindrane blir oljen varma opp til ein innsprøytingstemperatur på om lag 85 grader celsius.

Skreddarsydde slepevinsjar
Slepevinsjane om bord i «Normand Progress» er spesialkonstruerte for å passe nettopp til dette skipet. Det fortel konstruktøren sjølv, Lars Helge Farstad. Han er konstruktør hos firmaet I. P. Huse AS i Steinshamn på Harøy. Han fortel at det er fleire omsyn som må takast:
Vinsjane skal passe til skroget, til skipets maskinkraft og til arbeidsoppgåvene som skal utførast. Det må også reknast ut kvar belastningspunkta vert både på vinsjetromlar, festa i dekk og andre stader som må stå imot dei voldsomme kreftene som er i sving under sleping og hiving.

Før vinsjane kan byggast, må det dokumenterast at dei verkeleg kan utføre den jobben og tole den belastninga dei er tiltenkte. Dei mest vanlege klassifiseringsselskapa Lloyd's og Veritas gir godkjenning utifrå konstruksjonane og utrekningane som produsenten legg fram. Så når eit skip som "Normand Progress" utfører slepeprøve, er det ikkje berre ein test av sjølve skipet eller maskinkrafta. Då er det ein heilskap som vert sett på prøve med slepevinsjane som eit heilt sentralt ledd.

Då «Normand Progress» låg utfor Osneset og utførte slepeprøver, var det ein tjukk stålwire som heldt skipet fast i land. Om bord i skipet gjekk denne wiren inn på slepevinsjen. Det er såleis vinsjen som held heile slepebelastninga og som skal kunne gi ut slepewire, stramme han inn eller halde fast, sjølv under hard belastning. Det er bremser montert på tromlane i form av stålband som ligg rundt kanten på trommelen, og som vert stramma når bremsene vert sette på. Det er faktisk to "mindre" vinsjar som tek seg av slepehandteringa. Kvar av dei har ei kraft på 400 tonn. Vinsjemotorane arbeider med lavtrykkshydraulikk med eit trykk på oppunder 50 bar i tjukke rør. I. P. Huse og Ulstein Brattvaag samarbeider om vinsjeoppdraga, slik at det er I. P. Huse som byggjer sjølve vinsjane medan Ulstein Brattvaag byggjer hydraulikkmotorane og styringssystema. I tillegg til dei to slepevinsjane, har desse to selskapa også levert ankerhandteringsvinsjen som har ei vinsjekraft på 500 tonn ved første wireinnlegg. Heile vinsjeanlegget frå I. P. Huse og Ulstein Brattvaag veg om lag 400 tonn.

Det er eit komplisert styringsanlegg som styrer vinsjane om som måler belastninga som ligg i slepet. På ein måte liknar slepevinsjane
litt på ei fiskesnelle. Når stramminga vert stor, skal vinsjen kunne lette på belastninga med å gi ut wire. Så skal det kanskje halast inn att litt når belastninga er lettare. Slepet er aldri i ro når skipet gyngar opp og ned, fram og tilbake i sjøgang. Det er difor avanserte system som styrer vinsjane.

Oppe på brua til «Normand Progress» kan det virke som det er vel så viktig å følgje med akterover som forover. Det er eit stort kontrollbord berre for vinsjestyringa. Stein Overvåg frå Hareid arbeider i Ulstein Brattvaag og er ein av dei som har hatt ei heilt sentral rolle i oppbygginga av styringssystema for vinsjane om bord i «Normand Progress».