Skipsdesign før dataalderen

Published

Først i 1963 tok ein til å bruke arbeidsteikningar. Før det vart alt laga etter mål. Ein måtte ha innsikt, sjå det inni hovudet før ein sette i gang. Ingeniørane og arbeidarane elles hadde kanskje ei skisse å gå etter, eller det gamle som mal. Mål og vinklar var alltid forskjellige.

Arbeidet i smia, på den mekaniske verkstaden og på treverkstaden måtte tilpassast kvar enkelt båt, det nytta ikkje å masseprodusere delar.

Ved reparasjon og forlenging tok dei utgangspunkt i den eksisterande båten. Ved større ombyggingar og nybygg blei det brukt halvmodell av båten, der ein tok ut dei viktigaste måla. Måla på spanta vart deretter rissa opp i full storleik på eit malgolv.

I 1968 vart designavdelinga lagt inn under Ulstein Trading, UT. All teknisk teikning vart gjort for hand.
I dag brukar ein avanserte datamaskiner og programvare i designarbeid og produksjon.