BONANZA FRAKTA MEIR ENN 3 MILLIONAR PASSASJERAR
Published
Ropax-skipet Bonanza vart bygd i 1972 for Fred. Olsen Lines. Elleve år seinare hadde skipet frakta 3 millionar passasjerar. Bonanza er eitt av flere skip for passasjertransport som har vorte bygd på Ulstein.
Gjennom 1960-tallet og ut over på 1990-tallet bygde Ulstein Verft innimellom fartøy til rekreasjonsformål.
Eitt av oppdraga Ulstein mek kunne ta på seg etter at den nye patentslippen var på plass i 1962, var ombygginga av ‘sjøbussen’ Romsdal, eigd av MRF, til passasjerskipet 'Grand Bahama' i 1963 (sjå bilde nedanfor). Dette var verftet sitt største og mest kompliserte oppdrag til då. Blant anna måtte det takast omsyn til at båten, som frå før var klassifisert for kyst- og fjordtrafikk, no skulle brukast i ope farvatn. Det viste seg også at hovudmotoren måtte skiftast, og det hadde ein ikkje rekna med då arbeidet starta.
No følgde ymse andre oppdrag, ikkje minst som resultat av den gode omtalen og dei nyttige røynslene verftet skaffa seg ved denne ombygginga. Ein tok med dette steget inn på den internasjonale marknaden for passasjertrafikk.
Det første passasjerfartøyet til Stena Line, "Poseidon", blei bygd av Ulstein i 1964. Dei to neste fartøya av liknande slag var "Buenavista" (1971) og søsterfartøyet "Bonanza" (1972).
'Bonanza' er Ulstein mek sitt byggnummer 64. Med ei lengd på 95 meter og breidde på 16,2 meter hadde skipet ei dødvekt på 2400 tonn og det kunne halde ei fart på 19 knop. Bonanza var klassa som ei passasjer/roro-skip, som i dag ofte vert kalla Ropax-skip. Fartøyet kunne totalt transportere 750 passasjerar.
Nett som søsterskipet Buenavista, vart Bonanza også bygd for å gå ruta Kristiansand-Hirtshals på sommaren, og Kanariøyane til Europa på vinteren. I staden vart nybygget chartra til å gå i ruta Norrtälje i Sverige til Åland i Finland.
I 1980 endra fartøyet namn til "Benchijigua", og gjekk mellom kanariøyane Tenerife og La Gomera. I desember 1983 hadde skipet totalt frakta 3 millionar passasjerar.
Ulstein har også seinare bygd passasjerskip. I 1982 bygde Ulstein hurtigruta 'Midnatsol' for TFDS, og i 1996 'Polarlys'. I 1990 bygde Ulstein 'Polar Circle'. Det kombinerte passasjer- og ekspedisjonsskipet tok til i cruisetrafikken i januar 1991, og gjekk då til polare område ut frå Chile. Verftet vart seinare tildelt utmerkinga "Outstanding Oceangoing Shipbuilder Award 1991" for bygginga av dette fartøyet.
Ulstein skal på nytt designe eller bygge skip innan passasjerområdet, og har oppdrag innan ekspedisjonscruise, yacht og Ropax.