Hurtigrute-entusiasten

Published

Då hurtigruta Polarlys vart levert til Troms Fylkes Dampskibsselskap​ (TFDS) i 1996, var det det største enkeltprosjektet som hadde vore gjennomført i verftet si til då 80-årige historie. 21 år etter fekk Ulstein Group besøk av Ingrid Fritze, som har reist med hurtigruta Polarlys heile 12 gongar!

Polarlys-entusiasten Ingrid Fritze og vener gjesta Ulstein Group 11. mai 2017 i samband med ei utflukt på hurtigruta Fram, som hadde lagt turen til Ulstein kommune. Til no har Ingrid reist med Polarlys tolv gongar.

- Første turen var i 2001, då eg reiste heile rundturen frå Bergen tur/retur Kirkenes, fortel ho.
- Eg vart svært begeistra for skipet, ikkje berre fordi eg likar skip, men fordi det er avstressande, og svært kontrastfylt til jobben min som advokat, seier ho. Ingrid laga også eit gebursdagshefte som ho sendte til skipet då det fylte 20 år i mars 2016.

Polarlys vart nyleg oppgradert, der ein ny interiørstil overtok for det fargerike 1990-talsinteriøret. - Den nye stilen er ok, seier Ingrid - men eg likte den gamle betre!

Etter ei omvising på Ulstein sitt bedriftsmuseum, gjekk reisefølget om bord att på Fram for å halde fram på ferda vidare langs norskekysten.

Ulstein-bygget MS «Polarlys» og Kleven-bygget MS «Nordkapp» vart døypte i ein dobbeltdåpseremoni 23. mars 1996. Sysselmannen på Svalbard, Ann-Kristin Olsen døypte Polarlys ved Ulstein Verft, og Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskabs sitt hurtigruteskip Nordkapp blei døypt av Dronning Sonja ved Kværner Kleven Verft same dag.

Ulstein Verft skreiv kontrakten med TFDS 27. april 1994. Skipet var byggnummer 223 ved Ulstein Verft, og verftet fekk i oppgåve å skape eit nytt flaggskip for rederiet. Skipet er det tredje i Hurtigruten si historie med namnet Polarlys, og dette skipet er ti gongar så stort som det aller første Polarlys-skipet, som var bygd i 1912.

Etter leveringa i 1996 la MS «Polarlys» ut på ein rundtur på Vestlandet, etterfølgd av eit cruise til Shetland og Orknøyane. 17. april 1996 starta det på sin første rundtur i hurtigruta og erstatta MS «Nordstjernen».

MS «Polarlys» er sertifisert for 737 passasjerar i kystfart, og har 479 køyeplasser fordelt på 225 lugarar. Fellesareala er store og inkluderer bar, utsiktssalong, kafeteria, spisesal og konferanserom.