Stor innsparing med batteri på skip

Stadig strengare miljøkrav vert stilt til skip i Noreg, krav om batteridrift er eitt av dei. Fleire instansar gir støtte til installering av batteri. Frå første dag med batteri sparer reiaren mangfaldige tusen kroner årleg i reduserte CO2-avgifter, og støtteordningane gjer at investeringa er nedbetalt i løpet av få år.

Å installere batteri på eit dieselelektrisk skip gir mange gevinstar (les meir):

  • Reduserte drivstoffutgifter og NOx-avgifter
  • Operatøren krev det for å tildele oppdrag
  • Investeringsstøtte frå mellom andre Enova og NOx-fondet (opp til 80 %)
  • Innspart driftstid på motorane
  • Ein sparer miljøet og komande generasjonar
  • Meir robust kraftsystem

Korleis kan vi hjelpe deg?

1. Analyse og rådgjeving

Eksakte tal på kor mykje du kan spare

Med våre analyseverktøy kan vi gi deg eksakte tal på kor mykje du kan spare på kvar enkelt båt ved å installere ein batteripakke. Ein optimal storleik på generatorsetta og batteriet kan føre til auka drivstoffinnsparingar. Landstraum kan auke innteninga ytterlegare.

Forslag til ulike systemløysingar

Vi kan planlegge løysingar for batteripakka om bord. Det inneber mellom anna å sikre at batteriet fungerer saman med resten av skipet, og om det skal integrerast i skipet eller settast på dekk.

Finansiering og tidshorisont

Vi gir råd om kvar du kan søke ekstern finansiering. Du vil få ein full rapport om kor lang tid det vil gå før du har spart inn investeringa.

2. Prosjektgjennomføring

Val av løysing

Vi analyserer og kjem med framlegg til den beste løysinga for det aktuelle skipet.

Installasjon og integrasjon

Vi samarbeider tett med Ulstein Verft, men kan også gjere avtale med eit reparasjonsverft i nærleiken av der du har skipet ditt liggande. Vi kan integrere batteriet i skipet og bygge om tavla. Vi utfører kommisjonering og testing.

Søknadshandtering

Vi kan fylle ut og sende inn søknader til dei ulike finansieringsordningane for deg.

Please contact us for more information