Service & Ettermarknad
Vi tilbyr tenester innan retrofit, ombygging og oppgradering, service og vedlikehald, klassing, stabilitetsberekningar, kommisjonering, modifiseringar og skipsreparasjonar. Vi tilbyr elektroservice døgnet rundt for våre system innan power og automasjon.
Ekspertisen vår er unik ved at den omfattar design og engineering, installasjon, kommisjonering og oppgraderingar. Vi tilbyr innovative teknologiske løysingar og metodar, prosjektleiing og effektiv logistikk og utrusting. Lagånd og ein straumlinjeforma produksjon gir utslag i høg fleksibilitet og kvalitet. Eit tett samarbeid mellom design, engineering, produksjon og operasjonelt arbeid gjer oss til ein attraktiv tilbydar av ettermarknadstenester.
Vi kan tilby engineering (detaljdesign) for å bygge om eitkvart skip, engineering for å installere prosjektutstyr, og også kalkuleringar og analyse av eksempelvis styrke, stabilitetsoppdatering, CFD-simulering, sjøeigenskapar og rørsler.
Ulstein Verft har dokkhall og krankapasitet, lekter og mobilkran (Terex CC2800-1), transport på området, og ressursar innan sandblåsing/sliping, maling og priming (overflatebehandling).
Ein fortruleg partner på service og ettermarknad
DESIGN & SOLUTIONS
SHIPBUILDING
POWER & CONTROL
Kranløft og transport
Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.
Kranløft og transport