QHSE- kvalitet, helse, sikkerheit og miljø
Ulstein er ein langsiktig partnar som arbeider for å sikre framtidig konkurranseevne og berekraftig vekst. Ulstein har eit sett med prinsipp og retningslinjer som skal sikre tryggleiken og helsa til dei som arbeider og oppheld seg hos oss, beskytte miljøet og oppretthalde kvaliteten på produkta og tenestene.
Noreg har vore ein sjøfarande nasjon sidan før vikingtida. Dei norske røtene våre vitnar om lange tradisjonar innan maritim kunnskap. I meir enn 100 år har dei krevjande forholda i Nordsjøen forma ULSTEIN sine standardar innan kvalitet og sikkerheit og skapt eit sterkt fundament for å møte framtidas utfordringar.
Vi har eit slagord som seier: «Turning visions into reality», som på norsk vert noko slikt som: «Vi gjer visjonar verkelege». Meir enn eit slagord, speglar det att nerven i selskapet. Vi vektlegg ein innsats på kvalitet, helse og sikkerheit og naturmiljøet, og vi skal halde fram med å skape morgondagens løysingar for berekraftige maritime operasjonar.
QHSE er ei forkorting for kvalitet, helse, sikkerheit og miljø. Våre prinsipp og retningslinjer innan QHSE vert kommunisert til alle tilsette og besøkande. Retningslinjene blir gjennomgått jamnleg og oppdaterte for å sikre at dei blir verande relevante og effektive for å oppnå våre QHSE-mål.
Retningslinjene våre inkluderer følgjande element:
Kvalitet:
Retningslinjene skisserer korleis vi forpliktar oss til å produsere produkt og tenester av høg kvalitet som oppfyller eller overgår kundane sine forventingar. Det inkluderer prosedyrar for overvaking og forbetring av kvalitet, og eit system for å identifisere og korrigere kvalitetsutfordringar. For å forenkle og forbetre arbeidsprosessar og samarbeid mellom ulsteinselskapa er det avgjerande at vi dokumenterer og effektiviserer verksemda og arbeidsprosessar frå idé til produkt. Retningslinjene skal sikre at vi:
- - Oppnår berekraftig vekst og langsiktig konkurranseevne ved å tilby kostnadseffektive, trygge og pålitelege produkt og tenester
- - Oppnår og beheld ein høg kvalitetsstandard
- - Opprettheld eit effektivt system for kvalitetsovervaking i samsvar med ISO 9001:2015
HMS:
Retningslinjene skisserer korleis vi forpliktar oss til å ivareta sikkerheit, helse og velferd for våre tilsette og dei som er innom områda våre. Vi skal ha eit trygt arbeidsmiljø, og har prosedyrar for å identifisere og redusere farar på arbeidsplassen og gi opplæring i bruk av verneutstyr. Vi utfører sikkerheitsinspeksjonar og implementerer beredskapsplanar. Vi har prosedyrar for å minimere vår påverknad på miljøet, overhalde miljøforskrifter og -lover og fremje berekraft. Ulstein Verft har som målsetting å bli miljøsertifisert i samsvar med ISO 14001 i løpet av 2023.
Sentrale punkt:
- - Ulstein Group sine medarbeidarar er vår viktigaste ressurs og vi skal i fellesskap utvikle trivsel og godt arbeidsmiljø
- - Tilsette og leiing skal kontinuerleg arbeide med å førebygge skadar, ulukker og belastningar
- - Ulstein Group arbeider for at alle aktivitetar og produkt skal føre til minst mogleg negativ påverknad på det ytre miljø