Helse, miljø og sikkerheit

​Folka i Ulstein er vår viktigaste resssurs, og fokuset vi har på helse, sikkerheit og miljø (HMS) er ein naturleg del av kvardagen vår. ​

HMS-politikk

  • Ulstein Group sine medarbeidarar er vår viktigaste ressurs og vi skal i fellesskap utvikle trivsel og godt arbeidsmiljø.
  • Tilsette og leiing skal kontinuerleg arbeide med å førebygge skadar, ulykker og belastningar.
  • Ulstein Group vil tilstrebe at alle aktivitetar og produkt skal føre til minst mogoleg negativ påverknad på det ytre miljøet.

Minst mogleg påverknad på miljøet

Ulstein arbeider for at alle aktivitetane og produkta våre skal føre til minst mogleg negativ påverknad på naturmiljøet gjennom følgjande:

  • 100% samsvar med gjeldande krav og forskrifter
  • Ha målbare steg for å sikre at produkta, prosessane og operasjonane våre er meir berekraftige, inkludert energieffektivitet i drifta vår og resirkulering av materialar
  • Fokus på å utvikle miljøvenlege produkt, som kan hjelpe kundane våre med å redusere sitt miljøavtrykk

ARBEIDSMILJØ

Vi har tilsette frå mange forskjellige land. Formålet med den norske diskrimineringslova er å fremje likestilling, sikre like moglegheiter og rettigheiter og hindre diskriminering. Konsernet arbeider aktivt, målretta og planmessig for å fremje lova sitt formål innan vår verksemd. Aktivitetane omfattar blant anna rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, karriere- og utviklingsmoglegheiter og vern mot trakassering.

Arbeid med reduksjon i sjukefråvær og skadar vert høgt prioritert. Alle norske selskap i konsernet har inngått avtale om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtale), og arbeider for trivsel og eit godt arbeidsmiljø.


SIKKERHEIT

Vi arbeider forebyggande for å unngå skadar, ulukker og slitasje. Vi legg særleg vekt på verftsaktivitetane, som femner om arbeid i tankar, i høgda, på stillas og drift av køyretøy og kraner, i tillegg til operasjonar som sveising, kutting og løft. På verftet vårt har vi HMS-tilsette som utfører jamnlege sikkerheitsinspeksjona og uanmeldte inspeksjonar. Desse inspeksjonane femner om område som brann, gasslekkasje, sikring av farlege område og sikre arbeidsrutinar. Vi har reglar for produksjonsarbeidarar og besøkande til industriområdet om å bruke sikkerheitsutstyr. Dette inkluderer vernesko, hjelm og vernebriller.

Når vi jobbar med oppdrag på verft rundt omkring i verda, har våre tilsette same sikkerheitsstandard som på vårt eige verft.

KOM TRYGT HEIM

Vi fokuserar på trygge og sunne arbeidsmiljø for alle som jobbar med våre prosjekt. Gjennom å vere kontinuerleg medviten om helse og sikkerheit, tek vi sikte på å få folka våre trygt heim.

Vårt ansvar for å sikre trygge arbeidsforhold gjeld også retningslinjer og krav til våre samarbeidande verft og leverandørar. Vi jobbar for å auke bevisstheita om våre krav og korleis vi ytterlegare kan forbetre oss.

VÅRT MÅL:

Ingen ulukker og ingen skade på menneske, miljø eller materielle eigendelar.