Første kvinnelege sveisar

Solveig Erikstad er ei av dei første kvinnelege sveisarane på Ulstein, tilsett i 1974. Ho vart rekruttert gjennom eit rekrutteringsframstøyt i lokalavisa retta mot heimeverande kvinner. Eitt lokkemiddel var gratis bedriftsbarnehage. Då ho vart pensjonist i 2003, hadde ho arbeidd i Ulstein i 29 år.

I periodar har det vist seg utfordrande å skaffe tilstrekkeleg faglært arbeidskraft i industrien. I internavisa ”Ulsteinposten” nr 3 1977 hadde dåverande adm dir Idar Ulstein ei rasjonell tilnærming til problemstillinga: ” -I staden for å importere arbeidskraft, er det betre å ta sikte på å auke sysselsettinga innan kommunen – spesielt på kvinnesida – gjennom opplæring. Dette fører til mindre press på kommunen når det gjeld skular, boligbygging, sosial- og helsetenester”.

Kvinner gjorde sitt inntog i arbeidsstokken i verkstad og dokk i 1974, då tolv kvinner blei tilsette som sveisarar etter fagopplæring i bedrifta. Etter det gjekk det ikkje lenge før kvinner var tilsett i alle avdelingar. Dette var ein bevisst politikk frå leiinga.

Over til Solveig og hennar historie:
Hausten 1974 stod det eit stort stykke i lokalavisa Vikebladet i Ulsteinvik.

- Dei som var interesserte, måtte kome på orienteringsmøte om sveisekurs for kvinner med påfølgjande omvising. Gratis barnehage og moglegheit for deltid gjorde at vi kunne hive oss på kurset og jobbtilbodet. Eg var 34 år då og heimeverande med ein gut på seks år og ein niåring på skulen, fortel Solveig.

- Reinert Hatlø var personalsjef på Hatlø, og sidan kurset skulle haldast på Hatlø (eitt av to verft i Ulstein den gongen), var det han som skreiv arbeidskontrakten vår. Vi fekk løn medan vi gjekk kurs, og hadde då ei startløn på 16 kr timen. Første oppgåva var å bygge ei jernbrakke som seinare vart nytta til pauserom. Denne vart mest nytta av formennene, vi andre sat i garderoba og åt. Vi damene hadde garderobe på malarloftet.

Vi sveisedamene vart tatt godt i mot. Det var veldig hjelpsame mannfolk overalt, sjølv om der sjølvsagt var nokon som var skeptiske og ikkje trudde noko særleg på oss.

Etter to månader vart vi fordelte, halvparten kom på Ulstein, resten på Hatlø. Eg hamna på Hatlø.

Eg tok sertifikat på elektrodesveis etter 1 år, i 1975, og det var litt stas. Det var om lag 4-5 av oss damene som tok dette sertifikatet. Seinare fekk vi rørtråd, det vil seie å sveise med gass (CO2), og det var noko heilt anna. Det er berre med gass ein sveisar no.

Johanne, veninna mi, vart skild og flytta nordover til Harstad etter seks år. Nokre slutta. Men det kom nye damer heile tida og det vart halde nye kurs. Det kom fleire unge, mellom anna frå Fosnavåg og Hareid.

Eg var ute på Hatlø til dei skulle slutte å bygge seksjonar i 1989. Nokre, ein 2-3 stykk, vart verande att på utrusting på Hatlø. Vi andre, om lag 3-4 stk, vart sende inn til Ulstein. Dei frå Smevik kom også til Ulstein då Smevik vart oppkjøpt, blant dei var det også damer som sveisa.

Inne på Ulstein var vi i beddingen, i platehallen og i høghallen. Eg likte meg veldig godt i høghallen. På denne tida hadde eg tatt sertifikat på å sveise hud, og eg kom meg no opp i høgda langs skutesidene. Eg var absolutt ikkje høgderedd.

Det vart nedgangstider for verftet tidleg på 2000-talet, og eg tok ut AFP og slutta i 2003. Men eg var tilbake og vaska båt nokre gonger etterpå, fortel Solveig.

Då Solveig tok ut pensjon, hadde ho dermed vore i Ulstein i 29 år.