Brennestart for Olympic sitt bygg 319
30. desember 2022 var det brennestart for byggnummer 319, det andre av to CSOV-havvindskip frå Ulstein. Begge fartøya er planlagt leverte i 2024.
Det var i juli 2022 at Olympic kontraherte 2 (+2) nybygg av Ulstein sin SX222-design. Fartøya har hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp.
Fartøya har skrogdesignet TWIN X-STERN, som er nominert til Innovasjonsprisen på OSJ-konferansen. TWIN X-STERN® er ei løysing for lavt energiforbruk, der skipet har to hekkar og med hovudpropelleiningar i kvar ende for å auke fleksibiliteten og operasjonaliteten.
Brennestart for det første av Olympic-skipa var i november 2022. På brennestarten for bygg 319 var det anleggsinspektør Tomasz Bieniek som starta brennemaskina.
Please contact us for more information
Contacts
Companies
-
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway