Ulstein Verft med servicekontraktar til godt ut i 2023
Published
I løpet av dei siste dagane i oktober og første dagane i november har Ulstein Verft signert ei rekke kontraktar på service og klassing av skip for fleire ulike reiarlag. Dokkhallen er ein viktig grunn til at ordreboka fyller seg opp.
- Ulstein Verft ligg gunstig plassert langs kystleia mellom Stad og Trondheim, og har servicekaier, dokk og dokkhall. Ein dokkhall har kontrollert miljø med gode forhold. Dette gir gode sluttresultat, og spesielt på malingsarbeid. Verftet har ressursar innan design og engineering og erfarne produksjons- og prosjektteam. Med dei siste kontraktane har verftet no fylt opp ordreboka til godt over jul, fortel Martin Sundgot Hansen, salssjef ettermarknad ved Ulstein Verft.
Godt med arbeid – men har kapasitet til fleire skip for service og reparasjon
Hansen har likevel plass til meir: - Vi har førespurnader om oppdrag til langt ut i april, så det ser positivt ut for aktiviteten ved verftet framover. Sjølv om vi har booka mange oppdrag det komande halvåret, har vi framleis moglegheit for å ta på oss nye oppdrag, seier han.
Klassingar og vedlikehald
Med dei nye kontraktane som er signerte dei siste dagane vil fleire andre fartøy kome på rad og rekke, og fellesnemnaren er ti- og 15-årsklassingar og vedlikehald.
Først ute er Island Crown som er venta å kome i midten av november. Skipet skal gjennomføre ei tiårsklassing med varigheit om lag tre veker.
I desember vil skip nummer to frå Island Offshore dokke inn, denne gongen Island Wellserver, som skal ha ei 15-årsklassing og skal ligge fram til jul.
På nyåret ventar verftet inn Seven Viking (Eidesvik), byggnummer 295 frå Ulstein Verft, som skal ha ei tiårsklassing og blir verande ved verftet i om lag fire veker. Deretter kjem DOF sitt fartøy Skandi Hugen som også skal få utført tiårsklassing i løpet av februar/mars.
Oppgradering av havvindskipet Windea Leibniz
31. oktober kom serviceoperasjonsskipet Windea Leibniz til Ulstein Verft. Talet enkeltlugarar skal auke med 50 prosent og Ulstein Verft skal installere ein justerbar pidestall slik at gangvegen kan høgdejusterast og gi skipet meir fleksibilitet i operasjon. Etter oppgraderinga blir skipet meir egna til å arbeide som et konstruksjonsstøttefartøy.
Tungløftsavdelinga
Medan fokuset på Ulstein Verft ofte ligg på aktiviteten som foregår på Osneset i Ulsteinvik, er der ei avdeling i Ulstein Verft som stadig er på reisefot langs store delar av norskekysten. Det er tungløftsavdelinga, som tek på seg transport- og løfteoppdrag ved hjelp av ein lekter, ei Terex-mobilkran med løftekapasitet på 600 tonn, og multiwheelerar som kan operere i par.
Please contact us for more information