Shanghai Electric sine to vindfartøy: Kjølstrekk for Kina sine første SOV-skip

Published


Den 30. november 2022 vart det halde kjølstrekkseremoni ved ZPMC-verftet for dei første serviceoperasjonsskipa (SOV-ane) til vindparkar i Kina. Dei to fartøya er av Ulstein sine design SX195 og SX197 og er bestilte av Shanghai Electric. Leveringa er planlagt til høvesvis slutten av 2023 og tidleg i 2024.

Kina sitt første SOV-prosjekt femner om to ulike design, men der begge har skroglinjeformene X-BOW® og X-STERN®.

Shanghai Electric sine serviceoperasjonsskip er baserte på designa SX195 og SX197 frå Ulstein.
Shanghai Electric sine serviceoperasjonsskip er baserte på designa SX195 og SX197 frå Ulstein.

Skipa kan romme høvesvis 60 og 100 personar og gjer Shanghai Electric i stand til å tilby kundane svært effektive, robuste og topp moderne fartøy til drift og vedlikehald av vindparkane. Det er lagt vekt på optimalisert driftskapasitet, økonomi og yteevne i skipsdesigna. Med batteri installerte vil fartøya gi reduserte utslepp i arbeidet sitt med å betjene fornybar energi-marknaden.

Brennestarten til dei to skipa var den 15. september 2022.

Frå brennestarten av dei to SOV-skipa ved ZMPC i september 2022.
Frå brennestarten av dei to SOV-skipa ved ZMPC i september 2022.




Please contact us for more information

Contacts

Companies