Ocean Albatros er snart klar for prøvetur

Published


Albatros Expeditions kunngjorde nyleg at det nye ekspedisjonscruiseskipet av designtypen ULSTEIN CX103, Ocean Albatros, snart er klar til å gjennomføre prøvetur. Skipet skal etter planen vere klart til den arktiske 2023-sesongen, og operatøren er meir enn spente på å sette fartøyet i teneste.

Ekspedisjonscruiseskipet Ocean Albatros under sluttføring.
Ekspedisjonscruiseskipet Ocean Albatros under sluttføring.


Teksta nedanfor er brukt med løyve frå Albatros Expeditions:

- Med oppdatert innreiing, bekvemmelegheiter og moderne motorar vil skipet vere grønare med mindre utslepp, og klart til å ta med passasjerane på sitt livs reise.

Albatros Expeditions har operert Ocean Victory i eitt år, og ventar no spente på Ocean Albatros. "Dette blir ei skikkeleg småskipsoppleving", slår dei fast.

Skipa i ULSTEIN CX103-serien vert rekna som mindre skip i cruisesamanheng. Ut frå reiaren sine ønske kan skipa innreiast for maksimalt 300 personar, inkl mannskapet, men dei fleste har valt å innreie for færre enn dette.

Det er til no kontrahert seks skip i reiarlaget SunStone Ships sin INFINITY-serie for bygging ved CMHI-verftet i Kina. SunStone leiger deretter ut skipa sine til operatørar.

Som søsterskip til Ocean Victory vert Ocean Albatros bygd meir eller mindre med den same layouten, fasilitetar og skandinaviske designelement. Albatros Expeditions har bestemt seg for å redusere kapasiteten til dette skipet og samtidig tilby den same mengda dekksplass, med grunngjeving i at dette vil gi eit endå betre forholdstal mellom tilsette og passasjerar. - Eit forholdstal på 1:8 er eitt av dei beste i vår bransje.

Albatros Expeditions er elles glade for å kunngjere at dei i tillegg til ein panorama-sauna også legg til ein ekstra suite. - Denne familiesuiten, med plass til opp til fem personar, kjem til å vere plassert på dekk 7, med to samankopla franske balkongar.

- Vår neste polfarar, Ocean Albatros, nærmar seg no ferdigstilling ved verftet og vil snart vere klar til å levere på øvste nivå når det gjeld å gi gjestane gode opplevingar. Ho er i ferd med å bli ei ekte skjønnheit! Snart er det tid for prøveturane, uttalar Albatros Expeditions, og held fram:

- Våre nyaste INFINITY-fartøy er ikke berre perfekte for småskala polarekspedisjonar, men er blant dei mest berekraftige skipa i marknaden. Dei har optimalisert hastigheit og drivstoffbruk, delvis på elektriske motorar, og er designa for å takle grov sjø ved hjelp av stabilisatorar og det unike X-BOW-designet.

- Og det er ikkje alt. Med eit såkalla 'infinity pool', boblebad, badstue og med lugarar som er større enn dei fleste andre skip i sin klasse vil Ocean Albatros verkeleg vere eit skip som bidreg til nye opplevingar.

Albatros Expeditions avsluttar oppdateringa si med å understreke: - Vi kan ikkje vente med å ønske gjestane våre velkomne om bord!

Søsterskipet 'Ocean Victory'. Foto: Albatros Expeditions.
Søsterskipet 'Ocean Victory'. Foto: Albatros Expeditions.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com