Kaptein Leif Skog: 'Wow'-faktoren til National Geographic Endurance

Published


Etter fire tiår i selskapet er kaptein Leif Skog ein institusjon i Lindblad Expeditions. Han har hatt fleire turar på National Geographic Endurance, det første polar-nybygget i flåten: - X-BOW er nytt i cruise, men eg var ikkje i tvil om at denne baugen ville vere den rette løysinga for oss. Og den yter over forventa.

Skroglinjeforma X-BOW, som har vore i bruk på offshoreskip i mange år, har blitt tatt godt i mot av cruisemiljøet. Baugen foldar isen ned, medan støynivået er lavt. Det gir også betra komfort med mindre slag og vibrasjonar ved kryssingar over ope hav.
Skroglinjeforma X-BOW, som har vore i bruk på offshoreskip i mange år, har blitt tatt godt i mot av cruisemiljøet. Baugen foldar isen ned, medan støynivået er lavt. Det gir også betra komfort med mindre slag og vibrasjonar ved kryssingar over ope hav.


Etter at byggekontrakten var signert mellom Lindblad Expeditions og Ulstein på to ekspedisjonscruiseskip med Polar Class 5 (isforsterka skrog for operasjonar i polare område heile året), uttalte Leif Skog følgjande:

- Eg har ingen intensjon om å bli pensjonist før desse to fartøya er leverte frå Ulstein. Og eg vil definitivt ta ansvar som kaptein på eitt eller to eventyr på ‘National Geographic Endurance' etter fullføring!

Lever 'Endurance' opp til forventningane?

‘Endurance’ starta på sine første Antarktis-cruise seint i 2021, og Leif har naturlegvis vore om bord. Ikkje berre som kaptein, han har òg fungert som seniorkaptein og mentor og hatt operasjonelt tilsyn.

Forventningane hans før levering var skyhøge. Korleis dømmer han fartøyet i dag?

- Skroget er eineståande. Eg er ekstremt fornøgd med korleis det ter seg i isen, det yter faktisk betre enn eg forventa. Skroget er svært sterkt og eigna for oppgåva. Det foldar ned isen og lagar svært lite støy når det gjer dette, noko eg ikkje har opplevd av noko skrog før.
Kaptein Leif Skog, National Geographic Endurance


Styrken ved å vere annleis

Leif Skog kan omtalast som ein person som tenker ut av boksa. - Alle selskap treng ein av desse, seier Leif og forklarar:

– Det betyr at eg tenkjer annleis. Eg er ein oppfinnar, mange av løysingane på Lindblad-fartøya er oppfunne av meg, til dømes den sikre løysinga for å entre gummibåtane på ‘Endurance', dette er oppfinningar som ofte blir kopierte av andre selskap.

Kaptein Leif Skog (til høgre) på prøveturen til National Geographic Endurance.
Kaptein Leif Skog (til høgre) på prøveturen til National Geographic Endurance.

Gjer seg klare for Antarktis-sesongen

‘Endurance' er det første av dei to fartøya til Lindblad Expeditions som er designa og bygd av Ulstein, og dermed søsterfartøy til ‘National Geographic Resolution'. Begge cruiseskipa gjer seg no klare til Antarktis-sesongen, og ‘Resolution’ har allereie kome fram til Ushuaia i Argentina, som er startpunktet for Antarktis-cruisa.

X-BOW® har bevist sjødyktigheita si

- Når det gjeld 'Endurance', var mange i selskapet vårt veldig skeptiske til X-BOW. Det er heilt naturleg, det er fornuftig å halde tilbake på noko som er heilt nytt. Likevel, X-BOW-designet har vore innarbeidd på ei rekke offshorefartøy, og har bevist kor sjødyktig det er gjennom årevis av røff behandling i Nordsjøen. Eg var ikkje i tvil om at denne baugen ville vere den rette løysinga for oss.

Det "blir tøffare dess lenger sør du kjem. Og det er dit vi går".


Trygg og eventyrleg, det er Lindblad-måten

- Lindblad dreg langt sør, og vi opererer i røft farvatn. Dei kraftige vindane på dei sørlege breiddegradene har kallenamn: ‘the roaring forties, the furious fifties and the screaming sixties' – dei blir tøffare dess lenger sør du kjem. Og det er dit vi går.

Å reise gjennom Drake-passasjen tek om lag halvannan dag, medan det tek lengre tid til Sør-Georgia. Vi såg for oss effekten X-BOW ville ha på tryggleiken og komforten på desse reisene, seier kapteinen.

- Lindblad er annleis. Vi vil vere spesielle, vil vil vere i ein eigen liga. Vi tilbyr det uventa, det fascinerande og uutforska. Vi tilbyr plass, og ikkje berre utandørs. Desse fartøya er bygd for berre 126 passasjerar, eit ideelt tal for gruppedynamikk. Lugarane er store, og baugen gir plass til romslege salongar og fellesareal.

Eksempel på interiør om bord på Lindblad-skipa, dette er frå søsterskipet National Geographic Resolution. Foto: Lindblad Expeditions.
Eksempel på interiør om bord på Lindblad-skipa, dette er frå søsterskipet National Geographic Resolution. Foto: Lindblad Expeditions.

Kan gå lengre og med lavare utslepp

Når ein reiser til dei tøffe polarområda, er tryggleik veldig viktig, og X-BOW bidreg til det.

- PC5-notasjonen (Polar Class 5) gir eit mykje større operasjonsområde basert på dei faktiske isforholda. Baugforma held dekket skjerma for sjøsprøyt, og skroget sine eigenskapar i sjøen er utmerkte, forklarar han. - Utmerkte sjøeigenskapar betyr komfort for passasjerane.

Ein funksjon som enno ikkje har vore omtalt er drivstoffreduksjonen som kjem frå den reduserte motstanden som følgje av X-BOW. Dette er eit ekstra tilskot til Lindblad sin grøne profil og er ein nøkkelfunksjon med tanke på dei sårbare områda som ‘Endurance’ reiser til.

- Vi har no erfart at drivstofforbruket til 'Endurance' til og med er under estimata, noko som betyr at dette er eit svært miljøvennleg fartøy, seier kapteinen.

Studerer dyrelivet

- For formålet vårt, som er å transportere gjestar som er svært interesserte i naturmiljøet, har X-BOW-løysinga ei anna positiv side. Det gir alle om bord flott utsikt direkte til havoverflata, både frå lavare og høgare posisjonar på ulike dekk. Observasjonar av dyrelivet er betydeleg forbetra med dette designet.

Utsikt frå baugparten på Lindblad-skipa. Foto: Lindblad Exxpeditions.
Utsikt frå baugparten på Lindblad-skipa. Foto: Lindblad Expeditions.
Frå observasjonsdekket på Lindblad-skipa. Foto: Lindblad Expeditions.
Frå observasjonsdekket på Lindblad-skipa. Foto: Lindblad Expeditions.

Leif Skog har jobba ikkje berre med Sven Lindblad, grunnleggjar av Lindblad Expeditions, men også i sine tidlege år med faren til Sven, Lars-Eric, ein pioner innan turistekspedisjonar til Antarktis. Leif si stilling er VP (Vice President) Nautical, og han har ein mastergrad både i navigasjon og i marine konstruksjonar. Han kan alt som er å vite om polarnavigasjon, polare operasjonar og alle tekniske detaljar. Han har også vore sterkt involvert i International Association of Antarctic Tour Operators (IAATO). Som eit teikn på takksemd for engasjementet er Skog Bay i Antarktis oppkalla etter Leif Skog.

'Wow'-faktoren

- Lindblad er ei bedrift som torer å leie an. Du kjem ingen veg dersom du aldri risikerer noko. Den første motstanden har opphøyrd. Fartøyet ser fantastisk ut! Det skaper ein ‘wow'-faktor uansett kvar det dukkar opp!

Please contact us for more information

Contacts

Companies