USAs første steininstallasjonsskip er designa av Ulstein for GLDD

Published

GLDD har bestilt det første USA-flagga og Jones Act-kompatible steininstallasjonsfartøyet til amerikansk havvindindustri. Skipet, eit ULSTEIN S211-design, er utvikla av Ulstein Design & Solutions BV, eit selskap i Ulstein Group, og vil bli bygd av Philly Shipyard. Kontrakten inkluderer opsjon på eit fartøy nummer to.

Great Lakes Dredge & Dock Co. LLC (GLDD) er USAs leiande mudringsselskap. Planen er at skipet skal vere i arbeid i den amerikanske havvindmarknaden innan fjerde kvartal 2024.

- Ulstein Design and Solutions B.V. er eit engineeringsselskap i verdsklasse og fekk oppdraget frå oss på å designe fartøyet ved hjelp av toppmoderne teknologi, utstyr og automatisering, seier Eleni Beyko, som er Senior Vice President Offshore Wind i Great Lakes Dredge & Dock. Ho fortel vidare:

- Designet vart gjennomgått og godkjent av klasseselskapet American Bureau of Shipping (ABS) og vil bli bygd med stort fokus på sikkerheit og lave utsleppsstandardar (LEV, Sustain2) i samsvar med klassen.

For å nå lavutslepps- og berekraftsmåla inkluderer skipsdesignet EPA Tier 4-motorar, landstraumstilkobling for ladding i hamn og batteripakkar for lastutjamning. Fartøyet er også i stand til å gå på biodrivstoff for å redusere CO2-fotavtrykket og er utstyrt med aktiv utsleppskontroll for å minimere NOx-utslepp.

I konseptfasen blei Ulstein Blended Design-metoden brukt for å forbetre lasteffektiviteten og redusere det totale drivstofforbruket.

- Det er eit privilegium å jobbe saman med GLDD sitt team. Den breie erfaringa deira innan amerikansk skipsbygging, kombinert med vår ekspertise innan design av steininstallasjonsfartøy, var avgjerande for å utvikle dette unike fartøyet for den amerikanske havvindsektoren, seier Ko Stroo, leiande designar i Ulstein Design & Solutions B.V.

Hovuddimensjonane til fartøyet er:

  • Lengde (LOA) 140.5 m / 461 ft
  • Breidde 34.1 m / 112 ft
  • Djupne (main deck) 10.7 m / 35 ft
  • Djupgang i operasjon 7.0 m / 23 ft
  • Operasjonell hastigheit 12 kn
  • Installert kraft 2 x 3,150 kW / 2 x 2,250 kW
  • Propellanlegg 2 x 2,500 kW
  • Opptrekkbar thruster 2 x 1,200 kW
  • Tunnelthrusterar (fwd) 2 x 900 kW
  • Dynamisk posisjoneringssystem DP 2
  • Klasse ABS
  • Lastekapasitet stein 20,000 t
  • Innreiingskapasitet 45 personar

Please contact us for more information

Ulstein Design & Solutions B.V.

Cornerstone Building (6th floor)
Rotterdam Airportplein 32
3045 AP Rotterdam
The Netherlands

Tel: +31 10 475 00 11

udsbv.info@ulstein.com

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw
Edwin van Leeuwen

Managing director

Tel: +31 653144777

edwin.vanleeuwen@ulstein.com