Sjøsette bygg 146 ved Salthammer

Published


28. april 2021 skulle bygg 146 ved Salthammer Båtbyggeri, ein båt for Finnsnes Dykkerservice, sjøsettast. Vi utførte jobben i samløft med hallkrana på Salthammer.

Bnr 146 ved Salthammer, her på veg til å runde llekteren med krana.
Bnr 146 ved Salthammer, her på veg til å runde llekteren med krana.


Båten hadde ei kalkulert vekt på 300 tonn, og løfteprosjektet skulle gjennomførast ved at Ulstein skulle løfte 210 tonn medan hallkrana skulle løfte 90 tonn. Løftet og transporten og sjøsettinga gjekk flott og heilt etter planen.

Vi kom til Salthammer med mobilkrana, Demag CC2800-1, lasta på lekter. Med løft frå sjøen har krana kapasitet til å løfte totalt 400 tonn.

Av vårt eige utstyr vart lekteren og mobilkrana brukt til dette oppraget.

Sjå film: