Levering av X-BOW-ekspedisjonsskip frå CMHI - 'Ocean Explorer' er klart for cruise
'Ocean Explorer', eit Ulstein-designa ekspedisjonscruiseskip med den ikoniske baugløysinga X-BOW®, vart levert frå CMHI-verftet i Haimen, Kina, den 13. juli 2021.
Video: Ulstein sin sjefsdesignar forklarar X-BOW®
Ulstein har levert fleire ekspedisjonscruisedesign til SunStone Ships’ sin INFINITY-serie, alle for bygging på CMHI-verftet. 'Ocean Explorer' vil bli drifta av Vantage Cruise Line.
Det første X-BOW-fartøyet i INFINITY-serien, 'Greg Mortimer', blei levert i september 2019.
Video: Tilbakemelding frå første tur med ‘Greg Mortimer’
Skipsbyggingsprosessen
Ved kontraktssigneringa på desse skipa uttalte SunStone Ships sin president og administrerande direktør Niels-Erik Lund følgande:
- Vi bestemte oss for å inngå samarbeid med Ulstein på grunn av skrogdesignet og det tekniske designet, og at dei har eit team i Kina som kan følgje produksjonen.
Skipsbyggingsprosjektet har hatt ein jamn flyt. Det er vidare to skip i INFINITY-serien som er planlagt levert i 2021, og to skal leverast i 2022.
Grøne løysingar
- Vi har utvikla eit fartøy der skroget er optimalisert for lavt drivstofforbruk med CFD-analyse (computational fluid dynamics). I tillegg har vi implementert skroglinjedesignet ULSTEIN X-BOW, ei løysing som først vart introdusert til offshore-segmentet og berre nyleg til cruiseindustrien. I tillegg til drivstoffinnsparingar gjer X-BOW at skipet går rolegare i motsjø, slik at slag og vibrasjonar vert reduserte, og komforten og kviletida til passasjerar og mannskap vert betra, seier skipsdesignar Torill Muren, som sjølv har erfart å vere med eitt av desse skipa over Drake-passasjen. Muren var invitert med på jomfruturen til Antarktis med søsterskipet ‘Greg Mortimer’.
Muren legg til, - Alle fartøya i INFINITY-serien har Tier III-motorar med SCR-katalysatorar for å redusere utslepp. Dei går på drivstoff med lågt svovelinnhald (Marine Gas Oil - MGO), har varmegjenvinningssystem og LED-lys. På toppen av dette kjem behandlings- og renseanlegg for avløpsvatn.
Skipa i INFINITY-serien har, i tillegg til Ulstein sin patenterte X-BOW-design, stabilisator finner og dynamisk posisjonering, og er bygde i samsvar med polarkode kategori B’ og polarklasse 6 (Isklasse 1A på maskiner). Alle fartøya er tilpassa versjonar av ULSTEIN CX103-designet.
Please contact us for more information
Contacts
Companies
-
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Marine Systems (Shanghai) Co. Ltd
Room 2026, Building A, No. 500 Yunjin Road, Xuhui District, Shanghai 200232, China
Tel: +86 21 5489 3691